Diskusjon:Vestfjorden i Oslofjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det gjev dårleg meining å relatere denne biten av fjorden til Røyken og Asker, som altså har fjorden aust for seg. Den må vel vera Vestfjorden i høve til Nesodden? --Ekko 20:13, 21 februar 2008 (CET)

Eg har ikkje peiling. Du kjenner vel området betre enn meg, så berre endre slik at det vert rett. --Frokor 20:27, 21 februar 2008 (CET)
Nei, det var ikkje eit retorisk, men eit heilt ope spørsmål. Eg har funni fire ulike definisjonar:
  1. Den delen av indre Oslofjord som går frå Drøbak til Oslo Hamn
  2. Som 1, men berre den vestlege halvparten
  3. Som 2, men berre den sørlege halvparten
  4. Det området som ligg mellom Drammen og Oslofjorden
Og eg veit ikkje kva som er rett (men eg trur det er 1). --Ekko 22:18, 21 februar 2008 (CET)
Når eg ser på kartverket sine kart over området ser det ut som artikkelen slik han står no skildrar det rett. Her ligg Vestfjorden avmerka frå Drøbaksundet og på vestsida av Håøya. Håøya gjer jo at fjorden deler seg i to, ein vestleg del (Vestfjorden på kartet) og ein austleg del som står namnlaus. Så slik eg forstår det då er Vestfjorden fjorden vest i høve til Håøya. --Frokor 02:52, 22 februar 2008 (CET)
Eg skreiv det slik i artikkelen no, ut frå kartverket sine kart på Norgesglasset og litt lengdemåling i Google Earth (dei har eit fint verktøy der til slikt). Om du vil kan me jo utvide med ulike definisjonar. --Frokor 03:02, 22 februar 2008 (CET)
Direktoratet for naturforvaltning har ein kart-teneste som skal svare på slikt, men eg får ikkje kartet til å virke. Har sendt dei eit spørsmål. --Ekko 11:21, 22 februar 2008 (CET)
Direktoratet svara: Vestfjorden inngår ikke som en enhet i DNs Fjordkatalog. Her er området kun navngitt som Indre-Oslofjord. Statens kartverk stør den definisjonen som står i artikkelen no: I Sentralt stedsnavnregister har vi ”Vestfjorden” i Oslofjorden bare om området mellom Håøya og Hurum, men innsenderen har rett i at navnet i dag brukes om fjorden helt opp til Sandvika og antakelig enda lenger nord, se f.eks. (Vestfjorden Avløpsselskap, VEAS, renseanlegg på Slemmestad) og (Vestfjordens Seilforening, klubbhus på Snarøya). Dei har gjeve melding om at navnekonsulenttenesta arbeidar med saka. --Ekko 10:20, 4 april 2008 (CEST)

Statens kartverk svarer at dei ikkje kan vedta kvar grenser skal gå, men at det finst dokumentasjon også på at namnet blir nytta om fjorden sør for Bærum. Så då står me i grunnen att med at Vestfjorden i Oslofjorden blir nytta om to ulike delar av Indre Oslofjord. --Ekko 13:30, 7 april 2008 (CEST)

Flott å få det avklart. Godt jobba! --Frokor 14:47, 7 april 2008 (CEST)
Eg er trass alt ein ekspert! --Ekko 14:59, 7 april 2008 (CEST)