Diskusjon:Vevkjerringar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Tygger» let som bokmål; er det ikkje meir naturleg med «tygg»? --Sigmundg 12:55, 20 mars 2008 (CET)

Eg veit ikkje kva som er naturleg for Gunnar som har skrive artikkelen (eg fann ikkje andre tilsvarande ordformer i artikkelen å gå etter), eg berre valde det fyrste eg fann i Nynorskordboka, dei hine alternative i boka er pr. definisjon like bra.
--Jorunn 13:12, 20 mars 2008 (CET)
Det er lovleg klammeform etter nynorskordboka, ja: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=tygge --KRISTAGAα-ω 13:38, 20 mars 2008 (CET)

Skilnad på nynorsk- og riksmåls-vevkjerringer?[endre wikiteksten]

Nynorskteksten seier: Gruppa er særs stor, med omkring 5 000 beskrivne artar

Bokmål: Det er over 6 300 arter i verden

Nynorsk: Vevkjerringar har, som andre edderkoppdyr, todelt kropp delt i forkroppen prosoma og bakkroppen opisthosoma

Bokmål: Vevkjerringer synes å ha bare ett ovalt rundt, kroppssegment. Dette skiller dem fra edderkopper som har to tydelig adskilte segmenter. Men vevkjerringer har egentlig to kroppssegmenter som er svært sammenvokst og det ser ut som om kroppen er ett segment. Det er ett hode-bryst stykke (cephalothorax) og en bakkropp (abdomen).

Nynorsk: Forkroppen er vidare delt inn i ei for-forkropp proterosoma og to fri ekstrasegment som dannar ei brei kopling med bakkroppen.

Bokmål: Hos noen arter er de første leddene på bakkroppen vokst til et lite ryggskjold (scutum)

Er det same dyret? --Ekko 15:00, 20 mars 2008 (CET)

Dette kunne eg godt ha svart på før. Jau, dette er dei same dyra me refererar til.
Opplysningane du refererar til er alle henta frå Richard C. og Gary J. Brusca sin Invertebrates, som kom ut på Sinauer Associates i 2002. Dette er ei svær og ofseleg tjukk bok som tek for seg alle kjende virvellause dyr, noko som gjerne kan vera eit dårleg teikn. Ingen er i stand til å spesialisera seg på alle dyr som finst.
Eg trur likevel boka er til å stola på. Det kan vera ho er for anatomisk-teknisk og i litt vel stor grad tek for seg trekk ein bør vera særleg kjend med dyret for å sjå. Likevel klarte eg fint å få stadfesta det Brusca-brørne sin tekst fortalde meg då eg dissikerte vevkjerring i fjor haust. Eg tek sjølvkritikk på at ikkje artikkelen nemnar at kroppen kan sjå ut som eitt tagmatisk segment heller enn to - sjølv på ganske nært hald er eg samd i at det kan vera vanskeleg å sjå leddelinga.
Bokmålsartikkelen byggjer på fleire ulike arbeid av Ingvar Stol, som eg òg har nytta materiale av. Eg ser at bokmål kan ha rett i like stor grad som oss når det kjem til det reint anatomiske. Det dei gjer annleis er at dei tek utgongspunkt i korleis dyret ser ut ved første augnekast. Me går rett på skiljet mellom prosoma/opisthosoma, som av somme vert nytta synonymt med cephalothorax/abdomen. Dette med scutum veit ikkje eg noko om, men det verker som ei sannsynleg modifikasjon av desse to ekstra-segmenta Brusca, Brusca og eg snakkar om.
Artstalet vert slik eg ser det den einaste verkelege skilnaden på bokmål og nynorsk her. 6 300 er ikkje ein annan måte å skriva 5000 på. Brusca & Brusca skriv 5000, eg veit ikkje kva for ei Stol-kjelde bokmål byggjer på. Begge tala er sannsynlegvis estimat; eg tvilar på at nokon har fullstendig oversikt. Dei fleste estimata eg finn når eg søker rundt ligg nærare bokmål enn oss. Dette skal endrast.
Bra de spør!--Gunnar 18:17, 1 april 2008 (CEST)