Diskusjon:Vladimir Lenin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nødvendig her?[endre wikiteksten]

  • "Det politiske politiet blei bruka mot opposisjonen i partiet, der Lev Trotskij var ein leiande figur."
    • Under Lenin, Stalin, eller begge? Såvidt eg kan hugsa å ha lært så var ikkje ordkiftet så veldig fritt under Lenin heller, men det er det sikkert nok av andre som veit meir om.
  • "Sovjetunionen blei eit totalitært samfunn, og først med avstaliniseringa etter Stalins død i 1953, blei regimet mildare og meir normalisert, om enn ikkje demokratisk."


Det siste først: Det kan du ha rett i, og det er greitt om du tar det ut viss du vil. Men når det gjeld det første: Det er eit av dei viktige skilja mellom partidiktaturet under Lenin og det personlege diktaturet under Stalin at det politiske politiet først blei bruka mot opposisjon innan bolsjevikpartiet etter Lenin var ut av bildet. Ordskiftet var relativt fritt innafor partiet under Lenin, sjølv om organiserte fraksjonar blei forbodne alt i 1921. Setninga om dette bør stå. --Erling 20. mar 2005 kl. 1602 (UTC)
(Etter endring av innhaldsside). Det blei betre no, ja. Den er grei! :)--Erling 20. mar 2005 kl. 1628 (UTC)