Diskusjon:Vormedalen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vormedal eller Vormedalen?[endre wikiteksten]

Eg er frå Nedstrand i Ryfylke. Då eg budde der, var det ein granne som var frå Vormedal. Dei sa stødt at dei var frå Vormedal og ikkje at det var i frå Vormedalen. Det sa alle nedstrandsbuane og, forresten. (Heilt nøgje var det vanleg å segja 'Vormedall' med dobbel l, og ein sa likeeins 'Gubbrandsdall') Difor vart eg sers yverraska av å sjå at du skriv Vormedalen, BjarteSorensen. Stadnamn skal etter rett skrivast slik det vert nytta på heimstaden. Det heiter t.d. Gudbrandsdal og ikkje Gudbrandsdalen, Setesdal og ikkje Setesdalen. Dette er so mykje eg veit politikken til Språkrådet og til dei som driv med namnegransking her i landet. Som du kann sjå av dei lenkene eg la inn, hev de som til no hev skrive Nynorsk Wikipedia gjort gali på dette, både for Gudbrandsdal og Vormedal .

Men du som er frå Vormedal, kann sjølvsagt upplysa meg betre, gjerne?

Helsing Komputist.

Du tenkjer sikkert på Vormedal sør for Haugesund? Det er ein større stad. Vormedalen i Hjelmeland har ~100 innbyggjarar. :) Bjarte 23. januar 2006 kl. 20:13 (UTC)
Nei, det er dykk i Ryfylke eg tenkjer på -- ikkje dei på Karmøy. (Nedstrand er ein ryfylkestad.). Så de ~100 der borte plar seia 'Vormedalen' og ikkje 'Vormedal', alle i hop? Komputist
Me seier alle Vormedalen i bestemt form. 'Dal' i bestemt form på vormedalsdialekt er 'dael' eller 'daeln' og kan lett forvekslas med 'dal', så det kan godt hende han sa "Vormedael" og "Gudbrandsdael". Bjarte 25. mars 2006 kl. 23:36 (UTC)