Diskusjon:Will Eisner

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Setninga Han meinte sjølv at han ikkje skapte teikneseriar, men grafiske romanar, eller sekvensiell kunst må me ha ei kjelde på. At han sjølv ikkje meinte "Spirit" var ein teikneserie er drøy kost. --Ekko 05:47, 15 oktober 2006 (UTC)

Står i boki "Tegneserien 100 år". Helge

Utsegna stemmer dårleg med kva eg veit om delar av verksemda hans (då særleg "Spirit"-produksjonen), så eg skal finne primærkjelda til dette. Men det kan kanskje du òg, som skreiv det inn? --Ekko 09:54, 15 oktober 2006 (UTC)

I Will Eisners bok "COMICS & SEQUENTIAL ART" viser han stadig til korleis ein kan gjera teikneseriar til "sequential art" med haugavis av dømer frå sitt eige arbeid. Når det gjeld Spirit, skal me hugsa på at store deler av den serien ikkje er produsert av Eisner. Helge ("H", hugsar ikkje passordet.)

Ja, eg er klar over det. Men da må me problematisera kva han meiner, og helst ha med sitatet i original språkdrakt.
  1. Reknar han ikkje "Spirit" som "comics", men som "sequential art"? I tilfelle er det ein nyansering av omgrepet "comics" han er ute etter.
  2. Reknar han ikkje seg sjølv som skaparen av "Spirit"? Andre var jo tungt inne i prosessen, så kanskje? Men det er lite truleg ettersom han gjorde eit stort nummer av korleis han fekk ein kontrakt som gav han opphavsretten til det dei laga.
  3. Kva tyder ordet eller i setninga? Eller som i anten-eller (anten grafisk roman eller sekvensiell kunst), eller eller som i "kan òg kallast" (grafisk roman kan òg kallast sekvensiell kunst).
Misforstå meg ikkje dit at eg berre er vrang med deg, men skal me gjera mannen rett må me få dette rett. Og Eisner har jo gått heile vegen sjølv, frå søppelproduksjon til å gje nytt innhald i mediet og til å gje mediet ei ny form. Så han er jo ein viktig person. Originalsitat frå mannens eiga bok hadde vært best. --Ekko 10:41, 15 oktober 2006 (UTC)

Originalsitat finn eg ikkje; har endra litt no, ser det betre ut? Helge

Langt betre. Men kan vi ikkje prøve å finne ei autorativ kjelde på kor stor han var? Dei beste sidene frå "Spirit" er verkeleg kunst i mine auge. --Ekko 14:10, 15 oktober 2006 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 04:39 (CEST)[svar]

[daud lenkje]