Disraeli Gears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Disraeli Gears
Studioalbum av Cream
Språk engelsk
Utgjeve 2. november 1967
Innspelt Mai 1967
Studio Atlantic i New York City
Sjanger psykedelisk rock
Lengd 33:37
Selskap Reaction
Produsent Felix Pappalardi
Cream-kronologi 
Fresh Cream
(1966)
Disraeli Gears Wheels of Fire
(1968)


Singlar frå Disraeli Gears
  1. «Strange Brew» / «Tales of Brave Ulysses»
    Utgjeve: Juni 1967
  2. «Sunshine of Your Love»»
    Utgjeve: Januar 1968
Professional ratings
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
MusicHound4.5/5 stars[2]
Sputnikmusic5/5 stars[3]
The Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[4]
Great Rock Discography4.5/5 stars[5]
Chicago Tribune3.5/4 stars[6]
Music Story5/5 stars[5]
BBC Musicpositiv[7]

Disraeli Gears er det andre albumet til den britiske supergruppa Cream. Det kom ut i november 1967[8] og nådde femteplassen i Storbritannia.[9] Det vart òg gjennombrotet deira i Amerika og vart ein massiv bestseljar der i 1968 og nådde fjerdeplassen på albumlista.[10] I Noreg nådde albumet 16. plass på VG-lista. Albumet inneheld to singlar, «Strange Brew» og «Sunshine of Your Love».

Tittelen på albumet var ein intern spøk. Eric Clapton hadde tenkt å kjøpe ein racersykkel og diskuterte det med Ginger Baker, då ein roadie kalla Mick Turner kommenterte «it's got them Disraeli Gears», og meinte å seie «derailleur gears» (kjedegir), men viste i staden til den britiske statsministeren frå 1800-talet Benjamin Disraeli. Bandet syntest det var så morosamt at dei valde dette som tittelen på det neste albumet sitt. Den alternative tittelen var berre rett og slett «Cream».

Albumet vart nymastra i 1998 og så gjeven ut som ei dobbel-disk-utgåve i 2004.

I 2003 vart albumet rangert på 112. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[11] VH1 kåra det òg til det 87. beste albumet gjennom tidene i 2001.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Atlantic Studios i New York i mai 1967, etter at bandet hadde spelt ni konsertar for Murray the K sin konsertserie «Music in the 5th Dimension». Det amerikanske selskapet til Cream, ATCO, var eigd av Atlantic Records.[12][13]

Innspelingane vart produsert av den framtidige Mountain-bassisten Felix Pappalardi - som var med å skrive songane «Strange Brew» og «World of Pain» med kona Gail Collins - og lydteknikar var Tom Dowd - som seinare skulle arbeide med Clapton på prosjekt som Layla and Other Assorted Love Songs og 461 Ocean Boulevard. Eigaren av Atlantic Records, Ahmet Ertegün, var òg til stades under innspelingane.[14]

Albumet vart mastra på nytt av Joseph M. Palmaccio i PolyGram Studios[8] og gjeven ut i 1998.

Deluxe-utgåva av albumet inneheld heile albumet i både mono og stereo, samt demoar, alternative opptak og opptak frå BBC radio. Ein finn mellom anna «Blue Condition» med Eric Clapton på solovokal og demoar av songane «Weird of Hermiston» og «The Clearout», som ikkje kom ut før det første soloalbumet til Jack Bruce, Songs for a Tailor.

Det psykedeliske plateomslaget vart laga av den australske kunstnaren Martin Sharp, som budde i same bygning som Clapton ei stund i Chelsea.

Songstilar[endre | endre wikiteksten]

Med Disraeli Gears gjekk bandet bort frå bluesrøtene og gav seg i veg med ein meir psykedelisk stil. Dei mest bluesaktige songane på albumet er nyinnspelinga av «Outside Woman Blues», Bruce/Brown-songen «Take it Back» og opningssporet «Strange Brew», som var basert på ein 12-taktsblues kalla «Lawdy Mama» med ein Albert King-aktig gitarsolo.[14]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Strange Brew»Eric Clapton, Felix Pappalardi, Gail CollinsEric Clapton2:46
2.«Sunshine of Your Love»Clapton, Jack Bruce, Pete BrownJack Bruce, Clapton4:10
3.«World of Pain»Pappalardi, CollinsClapton, Bruce3:03
4.«Dance the Night Away»Bruce, BrownBruce, Clapton3:34
5.«Blue Condition»Ginger BakerGinger Baker3:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Tales of Brave Ulysses»Clapton, Martin SharpBruce2:46
2.«SWLABR»Bruce, BrownBruce2:32
3.«We're Going Wrong»BruceBruce3:26
4.«Outside Woman Blues»Arthur Reynolds, arr. ClaptonClapton2:24
5.«Take It Back»Bruce, BrownBruce3:05
6.«Mother's Lament»Traditional, arr. Clapton, Bruce, BakerBaker, Bruce, Clapton1:47

Disraeli Gears - deluxe-utgåva (2004)[endre | endre wikiteksten]

Disk ein (stereo)[endre | endre wikiteksten]

Originalt album
Spor 1-11
Unytta studioopptak
  1. «Lawdy Mama» - version 1(Traditional, arr. Clapton) – 2:00
  2. «Blue Condition» - alternate version (Baker) - 3:13
  3. «We're Going Wrong» (Bruce) – 3:49
  4. «Hey Now, Princess» (Bruce, Brown) – 3:31
  5. «SWLABR» (Bruce, Brown) – 4:30
  6. «Weird of Hermiston» (Bruce, Brown) – 3:12
  7. «The Clearout» (Bruce, Brown) – 3:58

Disk to (mono)[endre | endre wikiteksten]

Originalalbum og unytta studiopptak
Spor 1-13
BBC-innspelignar
  1. «Strange Brew» (Clapton, Pappalardi, Collins) – 3:00
  2. «Tales of Brave Ulysses» (Clapton, Sharp) – 2:55
  3. «We're Going Wrong» (Bruce) – 3:25
  4. «Born Under a Bad Sign» (Booker T. Jones, William Bell) – 3:03
  5. «Outside Woman Blues» (Reynolds) – 3:18
  6. «Take It Back» (Bruce, Brown) – 2:17
  7. «Politician» (Bruce, Brown) – 3:59
  8. «SWLABR» (Bruce, Brown) – 2:32
  9. «Steppin' Out» (James Bracken) – 3:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Finland (Den finske albumlista) 1
UK (Top 40 Albums)[9] 5
Noreg (VG-lista)[15] 16
Liste (1968) Plassering
US Billboard 200[10] 4
US Cash Box Top 100 Pop Albums Year-End Chart[16] 1
Australia (Kent Music Report) 1
Canada (Top 50 Albums)[17] 10
Liste (2010) Plassering
Hellas (Top 50 Albums)[18] 29

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
Billboard Hot 100 UK Top 40[9]
Juni 1967 «Strange Brew»/«Tales of Brave Ulysses» - Nr. 17
Oktober 1967 «Sunshine of Your Love»/«SWLABR» Nr. 5 Nr. 25

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[19] Platina 70 000^
Storbritannia (BPI)[20] Gull 100 000^
USA (RIAA)[21] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Disraeli Gears – Cream (Review)». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 14. juni 2018. 
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 288. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Review: Cream - Disraeli Gears - Sputnikmusic». Sputnikmusic.com. Henta 14. juni 2018. 
  4. «Acclaimed Music - Disraeli Gears». Web.archive.org. 8. juni 2017. Arkivert frå originalen 8. juni 2017. Henta 14. juni 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Acclaimed Music». Acclaimedmusic.net. Henta 14. juni 2018. 
  6. «It's A Roller-coaster Career From Blues To Pop And Back». Articles.chicagotribune.com. Henta 14. juni 2018. 
  7. Jones, Chris. «BBC - Music - Review of Cream - Disraeli Gears». Bbc.co.uk. 
  8. 8,0 8,1 Disraeli Gears (CD liner). Cream. USA: Polydor Records. 1967. s. 2. 31453 1811-2. 
  9. 9,0 9,1 9,2 http://www.everyhit.com/index.html Search "Cream" in Name of Artist
  10. 10,0 10,1 «Cream - Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 12. mars 2011. 
  11. «The RS 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone Magazine. 18 November 2003. Arkivert frå originalen 2. april 2008. 
  12. "First US show for Cream and The Who that most fans don't know about." Songheads. http://songheads.com/?p=93 1 August 2009.
  13. "Eric Clapton Interview," HOEPLA Television Show, VPRO Television, The Netherlands, http://www.youtube.com/watch?v=dHoU3w-IVL8 28 July 1967.
  14. 14,0 14,1 Clapton: The Autobiography av Eric Clapton
  15. Steffen Hung. «Cream – Disraeli Gears». Norwegiancharts.com. Henta 14. juni 2018. 
  16. «Cashbox Countdowns». Cashboxcountdowns.com. Arkivert frå originalen 10. mai 2019. Henta 14. juni 2018. 
  17. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 14. juni 2018. 
  18. Steffen Hung. «Cream – Disraeli Gears». Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 14. juni 2018. 
  19. «Australian Fun Countdowns: Accreditation Awards». Warner Music Sales International. BMI Music International. Henta 17. september 2015. 
  20. «British album salstrofé – Cream». British Phonographic Industry. Henta 17. september 2015.  Enter Cream in the field Search. Select Artist in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  21. «American album salstrofé – Cream». Recording Industry Association of America. Henta 17. september 2015.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]