Distrikt på Kypros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt[1] som igjen er delte inn i 39 kommunar[2] og 485 lokalstyrte busetnader.[3]

Kart som viser distrikta på Kypros
  1. Levkosía
  2. Kerýnia
  3. Ammókhostos
  4. Lárnaka
  5. Lemesós
  6. Páfos

Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.[4]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrte busetnader.[3][5]

Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historical background» (på engelsk). Republic of Cyprus, District Administration Offices. Arkivert frå originalen 26. desember 2019. Henta 17. september 2023. 
  2. «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023. 
  3. 3,0 3,1 «The Committee of the Regions and the Cyprus Presidency of the Council of the European Union» (PDF) (på engelsk). EU: Committee of the Regions. Arkivert frå originalen (PDF) 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  4. «Traktat om britiske basar på Kypros» (PDF) (på engelsk). Arkivert frå originalen (PDF) 26. april 2021. Henta 17. september 2023. 
  5. «Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.