Distriktet Dietikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dietikon
Bezirk Dietikon
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Dietikon
Areal 60,06 km²
Folketal 80 381 (31. desember 2010)
Kommunar 11
Kart
Distriktet Dietikon
47°22′0″ N 8°25′0″ E
Wikimedia Commons: Dietikon (district)

Dietikon er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg vest i kantonen, der det grensar mot kantonen Aargau. Dietikon hadde 80 381 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 60 km². Byen Dietikon, som ligg i nordvest i distriktet, er hovudstad.

Distriktet omfattar elleve kommunar. Dei er Aesch, Birmensdorf, Dietikon, Geroldswil, Oberengstringen, Oetwil an der Limmat, Schlieren, Uitikon, Unterengstringen, Urdorf og Weiningen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Dietikon