Distriktet Gazimağusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 35°6′N 33°53′E

Kart som viser plasseringa av distriktet Gazimağusa på Kypros

Distriktet Gazimağusa (tyrkisk Gazimağusa ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg på den austlege delen av øya Kypros og har eit areal på 998 kvadratkilometer.[1] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros, med unntak av landsbyen Beyarmudu (Pérgamos), som høyrde til distriktet Lárnaka. Distriktet İskele vart fråskild i 1998.[2][3]

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av folketalet i distriktet og underdistrikta:

År Distriktet Gazimağusa Gazimağusa Merkez Akdoğan Geçitkale Kjelde
1996 52 875 35 398 10 923 6 554 [4]
2006 63 603 45 852 10 823 6 928 [4]
2011 69 741 50 465 13 026 6 250 [5]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Distriktsadministrasjonen i byen Gazimağusa (Ammókhostos) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (tyrkisk kaymakam) er (i 2016) Şifa Çolakoğlu.[6]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[5]

Underdistriktet Gazimağusa Merkez[endre | endre wikiteksten]

Underdistriktet Akdoğan[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Pile (Pýla) (479) ligg utanfor kommunestrukturen.

Underdistriktet Geçitkale[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
  2. Dursun M. Çitçi: «KKTC'de kentleşme», Urbanisering i Nord-Kypros,i tidsskriftet Doğu Coğrafya Dergisi, s. 228.
  3. İskele kommune
  4. 4,0 4,1 Folketeljing 2006
  5. 5,0 5,1 Folketeljing 2011
  6. Gündem Kibris 10.03.2016