Distriktet Kerýnia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 35°15′N 33°16′E

Kart som viser plasseringa av distriktet Kerýnia på Kypros

Distriktet Kerýnia (gresk Επαρχία Κερύνειας, Eparkhía Kerýnias, tyrkisk Girne kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på nordsida av øya Kypros og har eit areal på 640 kvadratkilometer.[1]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har heile distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som distriktet Girne.[2]

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1996 er det tal frå folketeljingar i Nord-Kypros):

År Folketal Kjelde
1901 16 808 [1]
1921 21 615 [1]
1931 22 659 [1]
1946 28 174 [1]
1960 30 946 [1]
1973 32 586 [1]
1996 35 943 [3]
2006 57 902 [3]
2011 69 163 [3]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Distriktsadministrasjonen i eksil i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Andréas Louká.[4]

Kommunar og busetnader[endre | endre wikiteksten]

Distriktet har tre kommunar som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros (innbyggjartal 2011 i parentes):[5]

Utanom kommunane har Kerýnia 44 registrerte busetnader som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei største er (innbyggjartal 2011 i parentes):[5]





Referansar[endre | endre wikiteksten]