Hopp til innhald

Distriktet Levkosía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levkosía
Επαρχία Λευκωσίας
Lefkoşa kazası
distrikt
Land  Kypros
Areal 2 710,002 km²
Folketal 326 980 (2011)[1][2]
Kart
Distriktet Levkosía
35°09′42″N 33°20′44″E / 35.161749°N 33.345541°E / 35.161749; 33.345541
Kart som viser plasseringa av distriktet Levkosía på Kypros.
Kart som viser plasseringa av distriktet Levkosía på Kypros.
Kart som viser plasseringa av distriktet Levkosía på Kypros.
Wikimedia Commons: Nicosia District

Distriktet Levkosía[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.[3]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa, Güzelyurt og frå 2016 Lefke.[4][5] Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.

Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):

ÅrFolketalKjelde
190171 289[3]
192193 765[3]
1931110 010[3]
1946145 965[3]
1960204 283[3]
1973232 702[3]
1976191 345[6]
1982210 684[7]
1992244 779[8]
2001273 642[9]
2011326 980[10]
2021350 035[11]

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[12]

Kommunar og busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[13] medan to har innbyggjarar på båe sider.[4][10] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[11]:

Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]

Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider:[4][10]

Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[14] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[11]

  • Áji Trimithiás (2 036)
  • Mámmari (1 997)
  • Ergátes (1 950)
  • Psimolófou (1 914)
  • Klírou (1 884)
  • Synikismós Anthoúpolis (1 690)
  • Alámbra (1 655)
  • Anája (1 553)
  • Péra (1 421)
  • Aredioú (1 273)
  • Kakopetriá (1 255)
  • Méniko (1 037)





Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]





To busetnader hadde innbyggjarar på båe sider i 2011, men er ikkje registrerte separat i folketeljinga i Republikken Kypros i 2021:[4][10][11]

Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.

  1. gresk Επαρχία Λευκωσίας, Eparkhía Levkosías, tyrkisk Lefkoşa kazası
  1. «Απογραφή πληθυσμού 2011» (på gresk). 11. januar 2001. Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 7. august 2018.
  2. «Census of population 2011» (på engelsk). 11. januar 2001. Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 7. august 2018.
  3. 1 2 3 4 5 6 7 Gwillim Law (1999). Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference. s. 102.
  4. 1 2 3 4 5 6 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
  5. «Lefke 6. ilçe oldu! Lefke sjette distrikt i Nord-Kypros» (på tyrkisk). Kibris Postasi. Arkivert frå originalen 11. september 2022. Henta 16. september 2023.
  6. «Folketeljing Kypros 1976» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
  7. «Folketeljing Kypros 1982» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
  8. «Folketeljing Kypros 1992» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
  9. «Folketeljing Kypros 2001» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
  10. 1 2 3 4 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
  11. 1 2 3 4 «Folketeljing Kypros 2021» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 21. juni 2025. Henta 28. august 2025.
  12. «Heimeside for distriktsadministrasjonen» (på gresk). www.moi.gov.cy. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 17. september 2023.
  13. «Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
  14. «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Levkosía