Distriktet Mendrisio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mendrisio
Distretto di Mendrisio
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Ticino
Hovudstad Mendrisio
Areal 100,89 km²
Folketal 48 729 (2010)
Kommunar 13
Karte Bezirk Mendrisio 2009 2.png

Mendrisio er eitt av åtte distrikt i kantonen Ticino i Sveits. Distriktet har eit areal på 100,9 km² og hadde 48 729 innbyggarar i 2010. Distriktet, som har namn etter hovudstaden Mendrisio, grensar på tre kantar (vest/sør/aust) mot Italia.

Mendrisio omfattar fem krinsar (italiensk circoli), som består av til saman 13 kommunar. Omframt byen Mendrisio er Chiasso den einaste kommunen som har meir enn 5 000 innbyggjarar. Dei andre kommunane er Coldrerio, Balerna, Castel San Pietro, Morbio Inferiore, Vacallo, Breggia, Stabio, Novazzano, Ligornetto, Riva San Vitale, Meride og Besazio.

Italiensk er offisielt språk i distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]