Distriktet Pfäffikon
Pfäffikon Bezirk Pfäffikon | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Zürich | ||
Hovudstad | Pfäffikon | ||
Areal | 163,55 km² | ||
Folketal | 55 718 (31. desember 2010) | ||
Kommunar | 12 | ||
![]() Distriktet Pfäffikon | |||
Wikimedia Commons: Pfäffikon (district) | |||
Distriktet Pfäffikon er eit av dei tolv distrikta i den tysktalande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg aust i kantonen, og grensar til Thurgau og, så vidt, til kantonen St. Gallen. Pfäffikon har ei flatevidd på 163,6 km² og 55 718 innbyggarar per 31. desember 2010. Byen Pfäffikon er hovudstad i distriktet.
Distriktet Pfäffikon består av tolv kommunar. Omframt Pfäffikon er det Bauma, Fehraltorf, Hittnau, Illnau-Effretikon, Kyburg, Lindau, Russikon, Sternenberg, Weisslingen, Wila og Wildberg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Pfäffikon District» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2011.