Distriktshøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Distriktshøgskule (DH) var desentraliserte utdanningsinstitusjonar som gav tilbod om ulike typar utdanning på høgskule- og universitetsnivå, ofte i kombinasjon med andre studium. Studia varte som oftast i to eller tre år. Skulane blei oppretta etter forslag frå Ottosenkomiteen. Stortinget vedtok prøvedrift tre stadar allereie frå 1969, i Stavanger, Molde og Kristiansand. Skuleslaget gjekk over til permanent drift i 1975. I 1994 blei distrikshøgskulane slått saman med andre statlege høgskular til 26 statlege høgskular.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Anne Lise Jorstad. Biblioteket i distriktshøgskolen, de seks første distriktshøgskolebibliotekene fra 1969 til idag og deres plass i et desentralisert høgre utdanningssystem. Lillehammer: Oppland DH, 1979
  • Fra distriktshøgskole til universitet (Fagbladet Forskningspolitikk 03/06)