Ditmar Meidell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ditmar Meidell
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. januar 1826
Død

13. juli 1900 (74 år)

Yrke bibliotekar, redaktør, kommentator
Ditmar Meidell sit framme til venstre

Ditmar Meidell (24. januar 182613. juli 1900) var ein norsk redaktør frå Bergen.

Meidell var son til ein artillerikaptein. Sjølv byrja han studere mineralogi ved universitetet i Kristiania. I lag med tre kameratar starta han i 1849 det satiriske bladet Krydseren, det fyrste i sitt slag i Noreg. Den fyrste tida kom bladet ut annakvar veke, men med «ramsalte» artiklar om litteratur og politikk steig populariteten snøgt og det vart omgjort til vekeblad. Seinare kom to utgåver i veka. Som redaktør for Krydseren vart Meidell særleg kjend for den satiriske visa «Oleana», ei vise som gjorde narr av Ole Bull sitt forsøk på å grunnlegge ein koloni i Pennsylvania. Frå 1855 endra bladet namn til Aftenbladet, samstundes som det slo «om til eit alvorlegare program». I avisa argumenterte Meidell for årlege storting, for at statsrådane skulle møte i Stortinget og for jurydomstol. Avisa vart lagd ned i 1881.

I 1884–85 gav Meidell ut Norsk Maanedsskrift for Litteratur, Kunst og Politik. Frå 1884 til 1890 var han bibliotekar ved Deichmanske bibliotek i Kristiania. Han gav i 1888 ut boka Paa Kryds og paa Tvers, eit utval med det beste frå avisa Krydseren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]