Hopp til innhald

Divvun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lene Antonsen frå Giellatekno og Børre Gaup frå Divvun på Riddu Riđđu 2019

Divvun (av nordsamisk divvun, 'retting') er ei gruppe ordretteprogram laga for nord-, lule- og sørsamisk. Programma er laga av språkteknologigruppa med same namn, og er basert på analyseprogram for samisk som Divvun har laga i lag med Giellatekno, Senter for samisk språkteknologi, begge ved Universitetet i Tromsø.

Divvun-programma er bygd som endelege tilstandsautomatar, og dei er tilgjengelege som open kjeldekode.

Divvun-gruppa starta som eit prosjekt under det norske Sametinget i slutten av 2004, og flytta til Universitetet i Tromsø 1. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]