Diyala guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°53′N 45°4′E
Diyala guvernement
محافظة ديالى
guvernement
Land Flag of Iraq.svg Irak
Distrikt Muthana Al-Timimi
Koordinatar 33°53′N 45°4′E
Areal 17 685 km²
Folketal 1 443 200 (2011) [1]
Folketettleik 82 / km²
Diyala in Iraq.svg
Wikimedia Commons: Diyala Governorate

Diyala guvernement (arabisk محافظة ديالى, Muḥāfaẓah Diyālā) er eit guvernement aust i Irak.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Diyala guvernement strekkjer seg nordaustover frå Bagdad og heilt til grensa til Iran. Hovudstaden er Baqubah. Guvernementet dekkjer eit område på 17 685 kvadratkilometer.

Ein stor del av provinsen vert drenert av Diyala, ei stor sideelv til Tigris. Fordi det er to store vasskjelder i provinsen, er hovudnæringa i Diyala jordbruk, hovudsakleg dadlar i store lundar. Den største olivenlunden i Midtausten ligg i guvernementet.[2] Det vert òg rekna som appelsinsenteret i Midtausten. Hamrinfjella går gjennom guvernementet.

Population[endre | endre wikiteksten]

I dag bur det kring 1,2 millionar innbyggjarar i provinsen. Nesten halvparten av sunnimuslimane er jaga ut av provinsen, etter å ha vore i fleirtal under Saddam Hussein, og utgjer i dag kring 25 % av folkesetnaden i guvernementet. I motsetnad har Feyli-kurdarar som vart deporterte frå omrdået frå 1960 til 1990-åra av sunni-styresmaktene i Bagdad, kome attende. Det same har andre kurdarar. Dei dominerer no heile Khanaqin-distriktet og alle andre som grensar til Iran i provinsen. I dag utgjer dei kring 30 % av folkesetnaden, etter å ha vore så få som berre 7 % av innbyggjarane under Saddam Hussein.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Distrikt i Diyala guvernement

Diyala guvernement består av seks distrikt:[3]

Distrikt Arabisk Areal (km²) Folketal i 2003
Ba'quba بعقوبة 1 630 467 895
Al-Muqdadiya المقدادية 1 033 198 583
Khanaqin خانقين 3 512 160 379
Al-Khalis الخالص 2 994 255 889
Kifri كفري 1 139 42 010
Balad Ruz بلد روز 6 280 99 601
Total 17 685 1 224 358

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Citypopulation.de
  2. Biggest Olive Groves in Middle East – in Diyala
  3. COSIT (Central Organization for Statistics and Information Technology), Bagdad.
  4. «Republic of iraq (IQ): Asia/Iraq/Diyala». Tageo.com. http://www.tageo.com/index-e-iz-v-10-d-m4389473.htm. Henta 2007-05-28.