Dizzy av Olly Alexander
| «Dizzy» Song av Olly Alexander[1] | ||
| Land | Storbritannia | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 1. mars 2024 | |
| Sjanger | Pop,[2] dansepop,[3] electro,[4] disco[5] | |
| Lengd | 02:53 | |
| Selskap | Polydor[6] | |
| Komponist | Olly Alexander, Danny L Harle | |
| Tekstforfattar | Olly Alexander, Danny L Harle | |
| Låtskrivar(ar) | Oliver Alexander Thornton[7], Daniel Harle[8] | |
|---|---|---|
«Dizzy» (norsk omsetjing ‘svimmel’) er ein song av den engelske vokalisten og låtskrivaren Olly Alexander[9], som han skreiv saman med Daniel Harle. Songen blei gjeven ut som singel 1. mars 2024. Songen var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 etter å ha blitt internt vald av BBC.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]I eit intervju med BBC fortalde Alexander at «Dizzy» blei skriven om sumaren 2023 og at teksten handlar om «å føle ei så intens kjensle for nokon at dei heilt snur verda opp ned og inn og ut».[10]
Alexander har skildra songen som «elektronisk» og «noko du kan danse til».[11][12][13] Musikalsk er songen inspirert av 1980-talsmusikk og artistar som Erasure, Adamski og Pet Shop Boys.[10]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Den 16. desember 2023, under finalen av Strictly Come Dancing, kunngjorde Alexander at han skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024.[14] Den 1. mars blei låten «Dizzy» gjeven ut og ein tilhøyrande musikkvideo lansert under spesialepisoden Graham Meets Olly, sendt på BBC One.[10]
«Dizzy» var bidraget til Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Som eit av «dei fem store» landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai 2024. I avrøystinga fekk låten 46 poeng og enda på 18. plass; samtlege av poenga kom frå jurygruppene.[15][16][17][18]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2024) | Høgaste plassering |
|---|---|
| Hellas International (IFPI)[19] | 59 |
| Litauen (AGATA)[20] | 12 |
| Litauen Airplay (TopHit)[21] | 47 |
| Sør-Korea BGM (Circle)[22] | 98 |
| Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[23] | 1 |
| UK Singles (Official Charts Company)[24] | 42 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Youngs, Ian (7. februar 2024). «Eurovision: Olly Alexander gives fans a spin of UK entry Dizzy». BBC. Henta 26. februar 2024.
- ↑ McCormick, Neil (1. mars 2024). «Olly Alexander's Dizzy is not the Eurovision banger the UK needs». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. Henta 1. mars 2024.
- ↑ Savage, Mark (1. mars 2024). «Eurovision2024: Will Olly Alexander's Dizzy put the contest in a spin». BBC. Henta 1. mars 2024.
- ↑ Hodgkinson, Will (1. mars 2024). «Olly Alexander: Dizzy review — fun-packed Eurovision entry could spin UK to first place». The Times (på engelsk). ISSN 0140-0460. Henta 1. mars 2024.
- ↑ «Olly Alexander reveals name and release date of UK Eurovision 2024 entry». Official Charts (på engelsk). 6. februar 2024. Henta 7. februar 2024.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Savage, Mark (16. desember 2023). «Eurovision2024: Pop star Olly Alexander to represent the UK». BBC News Online. BBC. Henta 16. desember 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- 1 2 3 «Olly Alexander releases Eurovision 2024 entry Dizzy». www.bbc.co.uk (på engelsk). Henta 1. mars 2024.
- ↑ «Olly Alexander will represent the United Kingdom at Eurovision 2024». bbc.co.uk. BBC. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023.
- ↑ «It's Olly Alexander for the United Kingdom at Eurovision 2024». Eurovision.tv. EBU. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023.
- ↑ Savage, Mark (16. desember 2023). «Eurovision 2024: Pop star Olly Alexander to represent the UK». BBC News Online. BBC. Henta 16. desember 2023.
- ↑ «Olly Alexander Will Represent The United Kingdom At Eurovision 2024». BBC. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023.
- ↑ Savage, Mark (11. mai 2024). «Eurovision 2024: Switzerland's Nemo wins as UK comes 18th». BBC (på engelsk). Henta 8 June 2024.
- ↑ Rogers, Paul (12. mai 2024). «Olly Alexander finishes 18th at Eurovision Song Contest». Hereford Times (på engelsk). Henta 8. juni 2024.
- ↑ Coyle, Hayley; Ingrall, Tom (12. mai 2024). «Olly Alexander's father 'surprised' public gave Eurovision singer zero points». BBC (på engelsk). Henta 8. juni 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - United Kingdom Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 8. juni 2024.
- ↑ «OfficialIFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ «202420-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «TopRadio Hits Lithuania Weekly Chart: Apr 25, 2024». TopHit. Henta 1. november 2024.
- ↑ «BGMChart – Week 10 of 2024». Circle Chart (på koreansk). Henta 14. mars 2024.
- ↑ «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 17. mai 2024.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- Denne artikkelen bygger på «Dizzy (Olly Alexander-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2024.