Djáp Sáhib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Djáp Sáhib» (panjabi ਜਾਪੁ ਸਾਹਿਬ) er morgonbøna for sikhane. Denne bøna eller banien vart samansett av den tiande sikh-guruen, guru Gobind Singh. Banien er ein av fem baniar som ein innvigd sikh lyt lesa kvar dag. «Djáp Sáhib» er den første banien i Dasam Granth, som er den nest heilagaste boka i sikhtrua og som vart samla i sin heilskap av den tiande guruen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]