DJ Falk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dj Falk)
DJ Falk

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1967 (57 år)
Lørenskog
Yrke songar, låtskrivar, DJ, filmskaper
Sjanger house
Medlem av The Arctic Dance Experience
DJ Falk på Commons

Jarle Falk Reiss (fødd 16. april 1967), betre kjend som DJ Falk, er ein norsk discjockey, songar, og låtskrivar. Han er mest kjend for sine sceneshow med laserar og sine remixar, mest kjend er kanskje ein remix han har gjort av «Children» av Robert Miles.

DJ Falk er fødd i Lørenskog kommune og seinare busett på Stokmarknes i Hadsel. Han har vore profesjonell internasjonal DJ sidan 1987, og spela frå Warszawa i sør til Longyearbyen i nord. DJ Falk har spela alle slags stader, frå små klubbar til store hallar/arenaer, og hans største publikum til no, var på over 6000 menneske.

I september 1996 vart hans Trance/Dance konsept The Arctic Dance Experience starta opp, under ein spelejobb på Huset i Longyearbyen på Svalbard. Hans musikkstil er som han sjølv seier, ei følgje av Svalbardnaturen og det inntrykket Operafjellulykka, som hende nokre veker før han kom til Longyearbyen, fekk på han.

I 2007 og 2008 hadde han lasershow i Vesterålshallen, under Lofoten og Vesterålens største dataparty, LoVe-Lan.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1996: "Unknown", singel
  • 1997: Self Control Dj_Falk Mix, singel
  • 1999: Millennium children, singel
  • 1999: Hymn to Elin , singel
  • 2007: Northern Lights, singel
  • 2008: Heile Nettet, singel
  • 2008: Heile Nettet (Rock solid mix), singel
  • 2008: Skywalking, singel
  • 2008: Atmosphere , singel
  • 2008: Counterstrike, singel
  • 2008: Dj-Falk Live from Vesterålshallen, singel
  • 2008: Fetish, singel
  • 2008: Latino Summer chill, singel
  • 2008: Hall of the mountainking, singel
  • 2008: The Arctic Dance Experience , Album
  • 2012: Urban Landscapes, Album

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]