Djalma Santos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Djalma Santos
Djalma Santos.jpg
Fødd 27. februar 1929
São Paulo
Død

23. juli 2013
Uberaba

Djalma Santos nummer to frå venstre i bakre rekke, etter VM-finalen i Stockholm 29. mai 1958

Dejalma Pereira Dias dos Santos (27. februar 192923. juli 2013) var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister med det brasilianske landslaget både i 1958 og 1962. Han deltok også i VM i 1954 og VM i 1966. Mellom 1952 og 1968 spelte han 98 landskampar og skåra tre landslagsmål.

Djalma Santos, som var frå Sao Paulo, spelte for Portuguesa frå 1948 til 1959. Sidan spelte han i ni år for Palmeiras, før han avslutta med Atlético Paranaense, 1968-70. Med Palmeiras vart han brasiliansk meister i 1960 og 1967.

Han døydde i Uberaba i Minas Gerais-provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]