Djavolski most
bulgarsk Дяволски мост, «Djevelens bru»; tyrkisk Şeytan Köprüsü | |
![]() | |
Type | bogebru |
---|---|
Stad | Nær Ardino i Bulgaria |
Opna | 1518 |
Lengd | 56 meter |
Høgd | 11,5 meter |
Fri høgd | 11,5 m |
Største spenn | 13 m |
Breidd | 3,5 m |
Kryssar | Arda |
Materiale | stein |
Utforming | Bogebru |
Transporterer | Fotgjengarar |
![]() Djavolski most |
Djavolski most er ei bogebru over elva Arda i Bulgaria. Ho ligg 10 km frå den bulgarske byen Ardino i Rodopifjella, og er ein del av eldgamal veg som knyter saman låglandet i Thrakia med den nordlege kysten av Egearhavet.
Ein er ikkje sikker på når Djavolski most vart bygd, og forskjellige kjelder seier alt frå 1300-talet til tidleg på 1600-talet. Brua er den største og mest kjende av sitt slag i Rodopifjella, er 56 meter lang og har tre bogar. Ho har òg fleire små hol i dei små bogane slik at ein kan lese av vassnivået i elva. Djavolski most er 3,5 meter brei, og hovudbogen er 11,5 meter høg.
Brua vart erklært eit kulturminne 24. februar 1984.
Bilete[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Journey.bg. Djavolski most
- Glavatarski han.com Djavolski most Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Dyavolski most (bridge)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2007.