Djouce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Djouce
fjell
Djouce.jpg
Nordsida av Djouce
Land Flag of Ireland.svg Irland
Område Wicklow
Fjellkjede Wicklowfjella
Høgd 725 moh.
Koordinatar 53°07′51″N 6°14′26″WKoordinatar: 53°07′51″N 6°14′26″W
Wikimedia Commons: Djouce Mountain

Djouce (irsk Dioghais, tyder «forskansa høgd») er eit fjell nordaust i Wicklowfjella i County Wicklow i Republikken Irland. I vest ligg Sally Gap; i aust ligg Roundwood/Calary Bog-platået.

Elva Dargle har sitt utspring på den nordlege sida, nær kjelda til elva Liffey i Featherbeds. Dei renn på kvar si side av vasskiljet, Liffey renn vestover og Dargle austover. Powerscourtfossen, den høgaste fossen på Irland, ligg på austsida av fjellet.

Djouce ligg ovanfor botnsjøen Lough Tay i sørvest.

Dei sørlege og austlege fjellsidene er skogkledde opp til og over 650 meter over havet, hovudsakleg med sitkagranplantasjar. Når desse trea vert snauhogd har ein planlagd å plante naturleg tre i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sørsida av Djouce sett frå toppen av White Hill i mai 2006
Sørsida av Djouce sett frå toppen av White Hill i mai 2006