Djuphavsgigantisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Djuphavsisopoden Bathynomus er eit godt døme på djuphavsgigantisme.

Djuphavsgigantisme eller abyssal-gigantisme er ein tendens mange djuphavsartar har til å veksa til større storleikar enn gruntvasslektningane sine. Døme på dette er kjempeblekksprutane Architeuthis og fiskeslaget sildekonge, som begge veks til godt over 10 meter på det største.

Ein veit ikkje kva djuphavsgigantismen kjem av. Ein av teoriane går på at stor storleik kan vera ei tilpassing til sparsame matressursar - at dyra utset seksuell modning og såleis får ei lengre vekstperiode. Andre teoriar meiner det kan vera ei tilpassing til det høge trykket eller dei låge temperaturane i miljøet.

Eit døme på djuphavsgigantisme som har blitt forklart er den me finn hjå kjemperøyrmakken Riftia pachyptila. Denne lever nær hydrotermiske skorsteinar («hydrothermical vents»), og veks seg såleis stor fordi han har eit enormt energitilfang.