Djuphavsgrop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puerto Rico-gropa er den djupaste delen av Atlanterhavet, og dannar grensa mellom dette og Det karibiske havet.

Ei djuphavsgrop er ei langstrekt topografisk nedsenking på havbotnen. Slike groper er smale og lange, og utgjer dei største djupnene i verdshava. Dei vert danna ved at ei tektonisk plate går ned under ei anna i ei subdukssjonssone.

Skjematisk framstilling av jordskorpeplater på havbotnen som dannar midthavsrygg der dei glir frå kvarandre og groper der dei møter andre plater.

Den djupaste er djuphavsgropa Marianegropa, med ei djupne på 11 035 meter.

Dei djupaste gropene[endre | endre wikiteksten]

Namn Hav Djupne
Marianegropa Stillehavet 11 035 m
Tongagropa Stillehavet 10 882m
Kuril–Kamsjatka-gropa Stillehavet 10 542 m
Filipinegropa Stillehavet 10 540 m
Kermadecgropa Stillehavet 10 047 m
Izu-Bonin-gropa (Izu-Ogasawara-gropa) Stillehavet 9 780 m
Japangropa Stillehavet 9 000 m
Puerto Rico-gropa Atlanterhavet 8 605 m
Peru-Chile-gropa eller Atacamagropa Stillehavet 8 065 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]