Hopp til innhald

Djuplæring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Djuplæring er ein del av maskinlæring som fokuserer på å nytte fleirlags nevrale nettverk til å utføre oppgåver som klassifisering, regresjon og representasjonslæring. Feltet hentar inspirasjon frå biologisk nevrovitskap og dreier seg om å stable kunstige nevron lagvis og «trene» dei til å handsame data. Ordet «djup» viser til bruken av fleire lag (frå tre til fleire hundre eller tusen) i nettverket. Metodane som blir brukte, kan vere rettleia læring (supervised), delvis rettleia (semi-supervised) eller ikkje-rettleia (unsupervised).[1]

Det finst ei lang rekkje spesialiseringer i arkitekturtypar innan djuplæring i bruk, eit døme er fullt tilknytte nettverk. Bruksområde inkluderer maskinsyn, taleattkjenning, naturleg språkprosessering, maskinomsetjing, bioinformatikk, legemiddelutvikling, analyse av medisinske bilete, klimatologi, materialinspeksjon og brettspelprogram, der dei har gjeve resultat som kan måle seg med, og i nokre tilfelle overgå, ekspertprestasjonar frå menneske.[2][3][4]

Tidlege former for nevrale nettverk var inspirerte av informasjonsprosessering og distribuert kommunikasjon mellom noder i biologiske system, særleg menneskehjernen. Men dagens nevrale nettverk prøver ikkje å modellere hjernefunksjonane til organismar, dei vert generelt rekna som dårlege modellar for det føremålet.[5]

  1. LeCun, Yann; Bengio, Yoshua; Hinton, Geoffrey (2015). «Deep Learning» (PDF). Nature 521 (7553): 436–444. Bibcode:2015Natur.521..436L. PMID 26017442. doi:10.1038/nature14539.
  2. Ciresan, D.; Meier, U.; Schmidhuber, J. (2012). «Multi-column deep neural networks for image classification». 2012 IEEE Conference on Computer Vision and Pattern Recognition. s. 3642–3649. ISBN 978-1-4673-1228-8. arXiv:1202.2745. doi:10.1109/cvpr.2012.6248110.
  3. Krizhevsky, Alex; Sutskever, Ilya; Hinton, Geoffrey (2012). «ImageNet Classification with Deep Convolutional Neural Networks» (PDF). NIPS 2012: Neural Information Processing Systems, Lake Tahoe, Nevada. Arkivert frå originalen (PDF) 10. januar 2017. Henta 13. april 2025.
  4. «Google's AlphaGo AI wins three-match series against the world's best Go player». TechCrunch. 25. mai 2017. Arkivert frå originalen 17. juni 2018. Henta 13. april 2025.
  5. «Study urges caution when comparing neural networks to the brain». MIT News | Massachusetts Institute of Technology (på engelsk). 2. november 2022. Henta 13. april 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Djuplæring