Djurö nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 58°51′0″N 13°28′0″E
Djurö nasjonalpark
nasjonalpark
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västra Götalands län
Koordinatar 58°51′0″N 13°28′0″E
Areal 24[1] km²
Grunnlagd 1991[1]
Styre Naturvårdsverket
Wikimedia Commons: Djurö National Park
Djurö nasjonalpark er nummer 20 på kartet.

Djurö nasjonalpark er ein svensk nasjonalpark som består av Djurö skjergard, ei gruppe på om lag 30 øyar i den største innsjøen i Sverige, Vänern. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og dekkjer 24 kvadratkilometer.

Øyane er i dag utan busetnad, men det står ei jakthytte her og eit automatisert fyr. Av dyreliv på øyane finn ein dåhjort og mykje forskjellig fugl som fiskeørn, falk, tjeld og svartbak. Ein kan berre sjå vatn i horisonten kring Djurö, bortsett frå i sør, der ein kan skimte Kinnekulle[2].

Ein må sjølv skaffe båt om ein skal vitje Djurö.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]