Kubikkmeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dm³)
Ein kubikkmeter betong.
One Cubic Meter Potatos, One Cubic Meter Barbie (1993). Ein kubikkmeter poteter, ein kubikkmeter barbiedokker. Fotografi av Gerhard Vormwal.

Kubikkmeter er ei SI-avleia eining for måling av volum. Symbolet for kubikkmeter er . Ein kubikkmeter er volumet av ein terning der kvar sida er ein meter (1000 millimeter) lang.

Ein kubikkmeter reint vatn ved standard lufttrykk og ein temperatur på 3,98 °C har ein masse på 1000 kg (eitt tonn), og ved 25 °C ein masse på 997,0 kg.

Kubikkmeter vert brukt mellom anna til å oppgje volumet av rom, hallar, lasterom, flyttelass, symjebasseng og store mengder av ei væske eller ein gass.

1 m³ er lik:

Og motsett:

  • 1 mm³ = 0,000 000 001 m³
  • 1 cm³ = 0,000 001 m³
  • 1 dm³ = 0,001 m³
  • 1 dam³ = 1 000 m³
  • 1 hm³ = 1 000 000 m³
  • 1 km³ = 1 000 000 000 m³

1 m³ er, i forhold til eininga liter, lik:

Og motsett:

  • 1 ml = 0,000 001 m³
  • 1 cl = 0,000 01 m³
  • 1 dl = 0,000 1 m³
  • 1 l = 0,001 m³