Dmitri Markov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dmitri Markov
Statsborgarskap Australia
Fødd 14. mars 1975
Vitsiebsk
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, stavhopper

Dmitri Markov (fødd 14. mars 1975) er ein kviterussisk-australsk tidlegare stavhoppar, fødd i Vitebsk i dåverande Sovjetunionen, som i 2001 vart verdsmeister i stavhopp, to år etter han tok VM-sølv i øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Våren 1996 vann EM innandørs med eit hopp på 5,85 meter. Eit lite halvår seinare vart han sjettemann ved ei olympiske sommarleikane 1996, etter å ha svinga seg over 5,86 meter, alle tre medaljevinnarane gjekk over 5,92 m, best av dei vart franskmannen Jean Galfione.

Våren 1999 fekk Markov australsk statsborgarskap, kona hans hadde flytta til Australia i 1997. I verdsmeisterskapen 1999 i Sevilla tok han med sluttresultatet 5,90 meter sølvmedaljen bak Maksim Tarasov, som tok seg over 6,02 meter. Alle tre medaljørane i tevlinga hadde lært stavhopping i Sovjetunionen, men alle tre budde i 1999 utanfor den fortidige staten. Verdsmeister Tarasov frå Jaroslavl representerte framleis Russland, men budde frå 1992 i Budapest, medan vinnaren av bronsemedaljen, Aleksandr Averbukh frå Irkutsk, var israelsk statsborgar.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney delte Markov femteplassen saman med ein annan ny-australiar, Viktor Chistiakov. Dei tok seg over 5,80 meter, medan dei fire beste i tevlinga alle klarte 5,90 meter. Markov sparte eit forsøk til 5,96 m, noko som hadde halde til gullmedalje, den gjekk i staden til Nick Hysong frå USA.

Størst suksess hadde Markov ved VM 2001 den 9. august 2001 i Edmonton. Han trong tre forsøk på starthøgda si, 5,75 meter. Han stod over 5,85 m, ei høgde fire andre utøvarar tok seg over. Markov klarte 5,90 meter i fyrste forsøk, dei fire andre reiv, tre av dei i alle sine forsøk. Markov tok seg også over 5,95 m i fyrste forsøk, medan Aleksandr Averbukh, som sparte sine siste forsøk, reiv begge gongane på 5,95 m. Der etter la Markov lista på 6,05 meter og sette personleg rekord i sitt andre forsøk på den olympiske rekordhøgda.

Markov enda på fjerdeplassen ved VM 2003. Med 5,85 meter stoppa han på same høgda som sølvinnar Okkert Brits frå Sør-Afrika og bronsemedaljør, svensken Patrik Kristiansson, italienaren Giuseppe Gibilisco vart verdsmeister så han tok seg over 5,90 meter. Tre år seinare vart Markov i Samveldeleikane 2006 nummer to i stavhopp med 5,60 m, 20 cm under det landsmannen Steve Hooker makta.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]