Dmitrij Glukhovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dmitrij Glukhovskij
Dmitry Glukhovsky MOW 03-2011.jpg
Fødd 12. juni 1979
Moskva
Yrke skribent, journalist, romanforfattar, science fiction-forfattar, manusforfattar
Dmitrij Glukhovskij på Commons

Dmitrij A. Glukhovskij (fødd 12. juni 1979) er ein russisk forfattar og journalist, kjend for romaner innan sjangrane science fiction og magisk realisme. Han byrja med si første bok Metro 2033[1], då han var 18 år gammal, og publiserte ho på internettsida si i 2002, gratis tilgjengeleg for alle. Boka har vorte eit interaktivt eksperiment med over 3 millionar lesarar over heile verda. Ho vart trykt i 2005 i Russland. Sidan har det vorte laga ein spelversjon av boka for Xbox 360, Playstation 3 og Microsoft Windows.

I 2007 vart It's Getting Darker publisert, fulgt av Metro 2034 i 2009, bestselgar i Russland det året, også gratis tilgjengeleg på nett. Deretter i 2010 gav han ut satiriske soger om Russland i dag - Stories about Motherland. Som journalist har Dmitrij Glukhovskij arbeidd for Euronews i Frankrike, Deutsche Welle og Russia Today.

Metro 2033 vart oversatt til norsk av Dagfinn Foldøy og utgjeven i 2012[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]