Dmitrij Karpov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dmitrij Karpov


Statsborgarskap Kasakhstan
Fødd 23. juli 1981 (42 år)
Karaganda
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, Asialekene 2010

Dmitrij Vasiljevitsj Karpov (fødd 23. juli 1981) er ein kasakhstansk tidlegare mangekjempar frå Karaganda som vann bronsemedaljen i tikampen i så vel Friidretts-VM 2003, som Sommar-OL 2004 og Friidretts-VM 2007.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Karpov kom over 8 000 poeng fyrste gongen i 2003. Under verdsmeisterskapen i Paris/Saint-Denis same året presterte han heile 8 374 poeng og tok bronsemedaljen, einast Tom Pappas frå USA og Roman Šebrle frå Tsjekkia sanka fleire poeng.

I Hall-VM 2004 sette Karpov asiarekord i sjukamp med 6 155 poeng og vart nummer 4. Sommaren 2004 forbetra han asiarekorden i tikamp til 8 512 poeng då han vart nest best i meistermøtet i Götzis. Deretter gjorde han sitt livs beste tikamp ved dei olympiske leikane i Aten, 8 725 poeng sikra han bronsemedaljen i tevlinga bakom nemnde Šebrle og Bryan Clay frå USA.

Under Friidretts-VM 2007 i Osaka oppnådde Karpov 8 586 poeng og tok sin tredje bronsemedalje i tikamp, Roman Šebrle vart verdsmeister framom Maurice Smith frå Jamaica. Etter å ha vorte tredjemann i sjukampen ved hall-VM 2008, makta Karpov ikkje å prestere opp mot tidlegare nivå i tikamp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]