Dmitrij Sjevtsjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dmitrij Sjevtsjenko
Statsborgarskap Russland
Fødd 13. mai 1968 (55 år)
Taganrog
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992

Dmitrij Igorevitsj Sjevtsjenko (fødd 13. mai 1968) er ein russisk tidlegare diskoskastar frå Taganrog. Han tok sølvmedaljen i øvinga både under verdsmeisterskapen 1993 og europameisterskapen 1994.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjevtsjenko vart nummer sju i diskoskastinga ved VM 1991 i Tokyo og nummer åtte under Sommar-OL i Barcelona året etter. I 1993 tok han sølv då Friidretts-VM vart avvikla i Stuttgart, ein liten meter bakom tyske Lars Riedel. Ved EM 1994 i Helsinki sikra han seg ein ny sølvmedalje, slått med 22 cm av kviterussaren Vladimir Dubrovsjtsjik.

Etter å ha vore utestengt i 1996-97, lukkast Sjevtsjenko ikkje å vinne ein internasjonal medalje. Nærast kom han då han vart fjerdemann ved Friidretts-VM 2001 i Edmonton. Livsbeste presterte han då han 7. mai 2002 kasta 70,54 meter ved eit stemne i Krasnodar.

Sjevtsjenko vart sovjetisk diskosmeister i 1991, sidan vart han russisk meister seks gongar. Han er 200 cm høg og vog 140 kg då han var aktiv.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Kort etter han enda på åttandeplass i Göteborg-VM 1995, testa han positivt på det forbodne stoffet metandienon i ei dopingprøve. Dermed fekk han ikkje tevle dei neste to åra.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]