Do You Love Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Do You Love Me
Singel av The Contours
frå albumet Do You Love Me (Now That I Can Dance)
B-side «Move, Mr. Man»
Utgjeve 29. juni 1962
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 1962
Sjanger Soul, rock and roll
Lengd 2:54
Selskap Gordy
Låtskrivar(ar) Berry Gordy, Jr.
Produsent Berry Gordy, Jr.
The Contours-kronologi
«The Stretch»
(1961)
Do You Love Me «Shake Sherry»
(1962)


«Do You Love Me» er ein hitsingel frå 1962 av The Contours for Motown sitt Gordy Records. Songen var skriven og produsert av Berry Gordy jr. og vart den einaste hitsingelen til The Contours på Billboard Hot 100-lista i USA. Songen nådde Topp 40 på lista to gonger, først i 1962 og igjen i 1988.

Songen har ein falsk slutt ved 2:26.

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Berry Gordy skreiv «Do You Love Me» med tanke på at The Temptations skulle spele han inn. Dei hadde til då ikkje hatt store hittar. Men Gordy fann ikkje gruppa då dei skulle spele inn songen, då dei hadde drege til Detroit for ein konsert.

Gordy kom så over The Countours, og med ønske om å spele inn og gje ut «Do You Love Me» så snart som mogeleg, valte Gordy å la dei spele inn songen hans i staden for The Temptations.

«Do You Love Me» vart den femte utgjevinga på Gordy Records, og vart ein suksess. Han selde over ein million eksemplar og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i tre veker frå 20. oktober 1962 og gjekk heilt til topps på Billboard R&B Singles-lista. Eit album med singelen, Do You Love Me (Now That I Can Dance), kom så ut. Ingen av dei seinare singlane til The Countours klarte å leve opp til suksessen til «Do You Love Me».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Som med så mange amerikanske R&B-songar frå 60-åra, vart «Do You Love Me?» spelt av mange av gruppene i den britiske invasjonen. Tre av dese var Brian Poole and the Tremeloes (som nådde toppen av UK Singles Chart med songen),[1] The Dave Clark Five og The Hollies i 1964 på albumet deira Stay with the Hollies. Songen er òg blitt spelt inn av The Sonics, The Kingsmen, Paul Revere & the Raiders og Johnny Thunders and the Heartbreakers. I 1965 spelte Bob Marley and the Wailers inn songen «Playboy», som nytta refrenget på «Do You Love Me». Songen vart spelt av det engelske glamrockbandet Mud for albumet deira Mud rock (1974). Songen vart ofte framført på konsertane til The Blues Brothers. Bruce Springsteen avslutta ofte konsertane sine midt på 80-talet med songen, som ein del av ein medley med «Twist and Shout». Alvin and the Chipmunks spelte inn songen i 1988 på albumet The Chipmunks and The Chipettes: Born to Rock. Indieband Steadman har òg spelt inn songen i same stil som The Dave Clark Five. Andy Fraser spelte inn songen med 80-talsproduksjon i 1984. Westlife framførte songen på konsertane sine i 2003. Den tyske jentegruppa Preluders spelte inn songen for albumet Prelude to History in 2004. I 1992 song David Hasselhoff songen i ein episode av Baywatch. I november 2013 spelte The Overtones inn songen for albumet deira Saturday Night at the Movies.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

«Do You Love Me» vart mykje nytta i filmen Dirty Dancing frå 1987 og var med på å gjere songen populær på ny. Songen vart gjeven ut på singel igjen og vart ein hit for andre gongen, då han nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 i august 1988.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Countours:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 565. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]