Do the Clam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Do the Clam» er ein amerikansk popsong skriven av Dolores Fuller, Sid Wayne og Ben Weisman. Han vart spelt inn av Elvis Presley i 1965 for filmen Girl Happy. I somme delar av verda vart songen gjeven ut på singel, og han nådde 21. plassen på Billboard-lista i USA. Han vart ein stor suksess i Australia der han nådde fjerdeplassen på salslista. Medlåtskrivaren Dolores Fuller er kanskje mest kjend som kjærasten til hovudrollefiguren i Ed Wood-filmen Glen or Glenda frå 1953.

B-sida til singelen frå 1965 var «You'll Be Gone», skriven av Red West, Elvis Presley og Charlie Hodge i 1962. B-sida nådde 121. plassen på Billboard-lista og 35. plassen på den kanadiske lista. Begge songane var med på filmmusikkalbumet Girl Happy. «You'll Be Gone» var eit forsøk på å skape ein same type song som «Begin the Beguine» etter managementet til Elvis Presley ikkje klarte å få rettane til songen. «You'll Be Gone» er ein av av få songar der Elvis Presley er tilskriven som låtskrivar.

The Cramps spelte inn songen i 1987 på albumet Rockin n Reelin in Auckland New Zealand. I 1991 vart det laga ein parodi av songen av Dread Zeppelin på songen «Do the Claw».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]