Dobbeltørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dobbeltørna var symbolet til seldsjukkane, her i eit relieff ved İnce Minareli Medrese i distriktet Selçuklu i provinsen Konya. Madrasaen blei bygd i 1264.
Emblem med dobbeltørn i Istanbul, basert på insignia til det Det bysantinske riket. Det venstre (vestre) hovudet symboliserer Roma, det høgre (austlege) Konstantinopel. Krossen og globusen i klørne symboliserer høvesvis den åndelege og verdslege autoriteten. Relieff frå bygningane til Konstantinopels ekumeniske patriarkat.
Dobbeltørna til Det russiske keisarriket i St. Petersburg.

Dobbeltørn er ein allegorisk, grafisk og heraldisk figur av ei stilisert ørn med to hovud på kvar sin hals på same kropp, med ei venge til kvar side, eit bein til kvar side og med halefjør rett ned.

Dobbeltørn eller liknande fuglefigurar med to hovud og venger til sidene finst på gjenstandar frå hettittane og kulturar i Midtausten, frå antikken og frå førkolumbiske Amerika. Det er teoriar om at figuren kan ha symbolisert ein altsjåande guddom, fordi han har fire auge og kan fly over menneska. Dobbeltørna skal ha vore brukt som symbol for den romerske guden Jupiter.

Frå seinmellomalderen har figuren vore brukt som symbol på ein keisar. Han er brukt i våpenskjold for tyske, austerrikske og russiske keisarar. Dobbeltørn finst både i offentlege våpen slik som landskapsvåpen, og i private våpen slik som laugsvåpen og slektsvåpen frå mange europeiske land. I skomakarlauget i Oslo (Christiania) sitt segl frå 1822 er det ei dobbeltørn, og ho finst også på segla til fleire danske skomakarlaug. I norske slektsvåpen er det dobbeltørn i skjoldhovudet til skjoldet til slekta Caspary som innvandra rundt 1850 frå Sveits, medan slekta Lund frå Farsund har ei ørn med to halsar utan hovud i 1. felt av skjoldet. I Italia skal visstnok dobbeltørn i skjoldhovudet symbolisera at personen eller slekta var tilhengar av den tysk-romerske keisaren.

Dobbeltørn blir òg brukt som symbol for den ortodokse kyrkja.

Døme på bruk av dobbeltørn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dobbeltørn
Litteratur