Dobbeltdrapet på Louisa Vesterager Jespersen og Maren Ueland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dobbeltdrapet på Louisa Vesterager Jespersen og Maren Ueland

Landbyen Imlil og omland
StadFoten av Toubkal, nær landsbyen Imil i Marokko
MålLouisa Jespersen, Maren Ueland
Dato17. desember 2018
(funn av lika)
Tal døde2
Tal gjernings­personar24

Den 17. desember 2018 vart lika av Louisa Vesterager Jespersen, ei 24 år gamal dansk kvinne, og Maren Ueland, ei 28 år gamal norsk kvinne, funne med hovuda skorne av ved foten av Jbel Toubkal nær landsbyen Imlil i Atlasfjella i Marokko.

Til saman 18 menn har vorte arresterte av marokkansk politi i samband med morda. Dobbeltdrapet var skildra som ei terrorhandling etter at ein video, der nokre av dei mistenkte sver truskap til den islamske staten, vart sleppt ut på internett.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Louisa Vesterager Jespersen (fødd 5. desember 1994) voks opp i Ikast, Danmark. Ho gjekk ved Vestre skole og vart student ved Ikast-Brande Gymnasium i 2013. Ho reiste til stader som Argentina, Peru og Noreg. Jespersen ønskte å oppleve Arktis og søkte om å kunne representere Danmark i ekspedisjonen Fjällräven Polar i 2017 og 2018.[1]

Maren Ueland (fødd 23. november 1990) var frå Bryne, Noreg. Ueland og Jespersen studerte begge ved Universitetet i Søraust-Noreg, til bachelorgrad innan friluftsliv, kultur- og naturvegleiing på campusen i Bø i Telemark.[2][3] Venninnene hadde fullført dei skriftlege eksamenane sine for semesteret og reiste 9. desember på ferie til Marokko for å gå tur i fjella der.[1][4] Dei var først innom Marrakesh før dei drog vidare til landsbyen Imlil i Atlasfjella, eit populært utgangspunkt for å gå opp til fjellet Toubkal, den høgste toppen i Nord-Afrika.

Fire islamistar hadde delt ein video på sosiale medium før åtaka, der dei svor truskap til terrorgruppa Den islamske staten og snakka om «øydelegging forårsaka av kampflya til korsfararalliansen». Ein av dei seier: «Held fram med å nedkjempe fiendane av Allah, uansett kvar du er, du har inga unnskyldning og, vær informert om at vi er støttespelarane dine… du har allierte blant oss.»[5]

Marokko er normalt rekna å vere eit trygt reisemål for turistar. Drap på utlendingar er sjeldne, og det siste terroråtaket hende i 2011, då 17 personar vart drepne av ei bombe på ein restaurant i Marrakesh. Ifølgje ein forskar ved Dansk Institut for Internationale Studier har marokkanske styresmakter tilsynelatande god kontroll på terrortrugselen frå jihadistar og samarbeider med europeiske og amerikanske styresmakter. Likevel har marokkanarar vore påfallande representerte i diasporaterrorisme, terror utanfor Marokko, både i Syria, Irak, Libya og Europa.[6]

Mord og etterforsking[endre | endre wikiteksten]

På morgonen den 17. desember 2018 kom to franske fjellklatrarar over dei halshogne lika til offera ved teltet deira nær ein sti som knyter Imlil til Jbel Toubkal. Ein mistenkt med namnet Abderrahim Khayali vart raskt arrestert etter at politiet fann ein etterlaten ID i teltet. Dei vart også filma med CCTV i området. Ytterlegare tre mistenkte, Abdessamad Ejjoud, Rachid Afatti og Younes Ouaziyad, vart seinare arresterte av politiet medan dei sat på ein buss under morgonrushet i den nærliggjande byen Marrakesh. Dei tre mistenkte vart fanga medan dei hadde bladvåpen på seg. Abdessamad Ejjoud er rekna til å vere leiaren av gruppa, og dei fire mennene filma seg sjølve ei veke før drapa, der dei svor truskap til den islamske staten (IS).

Drapsmennene forklarte ifølgje rettsdokument at dei ville reise til Syria for å slutte seg til den islamske staten, men hadde ikkje råd. Dei hadde deretter vorte einige om å utføre ei terrorhandling på marokkansk jord, anten på tryggingstenester eller utanlandske turistar.[7] Dei gjekk inn for å reise til Imlil-området for å sjå etter utlendingar. Mennene møtte ein britisk mannleg turist, som dei lét gå då han sa at han var muslim, før dei sikta seg inn mot dei to kvinnelege turistane.[8] I videoen av drapa på kvinnene kan ein høyre ei stemme seie «fiendar av Allah» og «hemn for brørne våre i Hajin».[9]

Marokkansk politi arresterte seinare fleire enkeltpersonar som var mistenkte for å ha samband til dei hovudmistenkte.[10]

Rettssak[endre | endre wikiteksten]

Totalt vart 24 personar tiltalt i rettssaka etter dobbeltdrapet. Rettargangen vart halden i Rabat i Marokko. Av dei tiltalte er 23 av dei mistenkte marokkanarar frå Marrakesh og ein av dei ein sveits-spansk muslimsk konvertitt. Tre av dei er tiltalte for mord og dei andre for terrorhandlingar.

I mai 2019 innrømte ein av de mistenkte drapet på ei av kvinnene. Han hadde tidlegare vore fengsla for å ha prøvd å slutte seg til den islamske staten i Syria og vart sloppen laus i 2015.[11]

I juli 2019 vart tre av dei mistenkte dømde til døden.[12]

Gravferder[endre | endre wikiteksten]

Lika av offera vart frakta med fly til København 21. desember 2018.[13]

Jespersen vart bisett i Fonnesbæk kyrkje i heimbyen Ikast i Danmark den 12. januar. Den dåverande danske statsministeren Lars Løkke Rasmussen deltok i bisetjinga.[14]

Ueland vart bisett i Time kyrkje ved Bryne i Noreg den 21. januar. Den marokkanske ambassadøren Lamia Radi deltok i bisetjinga, medan Bent Høie representerte den norske regjeringa.[15]

Etterdønningar[endre | endre wikiteksten]

Åtaket fekk omfattande dekning i den internasjonale pressa. I heimlanda til offera vart morda reagerte på med sjokk og raseri. Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen kalla drapa barbariske og bestialske,[16] medan Noregs statsminister Erna Solberg skildra åtaka som «meiningslause».[17] I Marokko vakte drapa avsky og fordømming.[18]

På Bryne, heimbygda til Ueland, gjekk kring 500 personar i fakkeltog den 21. desember 2018 for å minnast offera og vise stønad til dei pårørande.[19] Vakenetter for offera vart haldne i Rabat ved ambassadane til Noreg og Danmark, og i Marrakech og Imlil.

To videoar, ein som viser eitt av drapa og ein annan som viser dei mistenkte som sver truskap til IS, vart publiserte på sosiale medium. Marokkanske myndigheiter og Kripos har hevda at videoane er autentiske.[20][21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Mor talte med danske Louisa på hendes fødselsdag – hun drømte om Arktis». TV 2. 21. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  2. «To minutters stillhet for Maren (28) og Louisa (24)». NRK. 7. januar 2019. Henta 19. november 2019. 
  3. «Rektor på Louisa og Marens skole: - Nogle sidder og græder». Ekstra Bladet. 18. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  4. «Her er moren tilbake der Louisa (24) ble brutalt drept». TV2. 12. juni 2019. Henta 19. november 2019. 
  5. «Moroccan four 'pledged allegiance to ISIS' in chilling video days before backpacker murders». 9News. 21. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  6. «Mindst 1.600 marokkanere sluttede sig til IS: Nu har Marokko et problem med ”hellige krigere”». Jyllands-Posten. 20. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  7. «Terroristenes grufulle forklaringer etter Marokko-drapene». Verdens Gang. 15. mai 2019. Henta 19. november 2019. 
  8. «ISIS fanatics who slaughtered two Scandinavian tourists in Morocco 'say they targeted British tourist before they carried out murders… but let him go after he said he was a Muslim'». Daily Mail. 8. januar 2019. Henta 19. november 2019. 
  9. «Morocco murders: agents investigate footage as terror fears mount». The Guardian. 20. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  10. «Video allegedly shows university students' murders in Morocco». CBS News. 21. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  11. «Morocco suspect admits killing Scandinavian hiker». BBC News. 31. mai 2019. Henta 19. november 2019. 
  12. «Dobbeltdrapet i Marokko: Gjerningsmenn dømt til døden». NRK. 18. juli 2019. Henta 19. november 2019. 
  13. «Flyet med ofrene for Marokko-drapene på vei til København». TV2. 21. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  14. «Marokko-drapene: Louisa Vesterager Jespersen bisatt». Verdens Gang. 12. januar 2019. Henta 19. november 2019. 
  15. «Maren Ueland (28) bisatt i fullsatt kirke». TV2. 21. januar 2019. Henta 19. november 2019. 
  16. «Udtalelse fra statsminister Lars Løkke Rasmussen vedrørende drab i Marokko». Regjeringen.dk. 20. desember 2018. Arkivert frå originalen 31. desember 2019. Henta 19. november 2019. 
  17. «Statsminister Erna Solberg: Meningsløst angrep som må møtes med avsky». Regjeringen.no. 20. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  18. «Maren Ueland obdusert i Oslo». Verdens Gang. 27. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  19. «Flere hundre i fakkeltog for drepte Maren (28) og Louisa (24)». Verdens Gang. 21. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  20. «Kripos: Alt tyder på at videoen knyttet til Marokko-drapene er ekte». Verdens Gang. 21. desember 2018. Henta 19. november 2019. 
  21. «Video skal vise de fire pågrepne som sverger hevn foran IS-flagget». TV2. 20. desember 2018. Henta 19. november 2019.