Dobbelteksponering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Danse av Yva frå ca. 1933

Dobbeleksponering eller dobbelteksponering er ein teknikk innan film og fotografi der to eller fleire eksponeringar blir lagt oppå kvarandre i eit bilde. Ein kan dermed få eit bilde som er sett saman av fleire motiv eller hendingar.

«Dobbeltgjengarbilde» av Johannes Jaeger laga gjennom dobbelteksponert fotoplate[1] av Valentin Wolfenstein i 1890.
Karlheinz Stockhausen oppå eit bilde av partituret til ein av komposisjonane hans. Fotografi av Claude Truong-Ngoc frå 1980.

Ein kan oppnå dobbeleksponering ved å eksponera ei filmrute fleire gonger, og lukka att lukkaren mellom kvar eksponering. Seinare eksponeringar kan leggja til lys og bilde på området som er mørke på den første.[2]

Dobbeleksponering kan oppstå ved uhell, til dømes fordi ein gløymer å dra ein manuell filmrull vidare, men kan også vera eit kunstnerisk verkemiddel eller ein måte å skapa spøke- eller narrebilde på. Metoden blei brukt til å laga åndefotografi, der spøkelsesaktige figurar gjerne opptredde på portrett av levande folk, frå siste delen av 1800-talet.[3]

Dobbeleksponering kan også brukast på film, og blei mellom anna brukt som verkemiddel i The Great Train Robbery frå 1903.[4]

I digitalt fotografi og med bilderedigeringsprogram er det mogleg å leggja ulike bilde oppå kvarandre og gjera dei meir eller mindre gjennomsiktige. Dette kan skapa liknande resultat som dobbeleksponering. Nokre digitale kamera lèt fotografen gjera fleire eksponeringar og kombinera dei i eitt bilde i sjølve fotografiapparatet..[5]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biografier». modernamuseet.se. Henta 26. juni 2018. 
  2. Brian (20. mai 2013). «Når fotografen ser dobbelt». fotomalia.dk. Henta 26. juni 2018. 
  3. «Hordaland fylkeskommune si kunstsamling» (PDF). Hordaland fylkeskommune. 2016. Henta 26. juni 2018. 
  4. «FilmHistorie.dk». Henta 26. juni 2018. 
  5. «GE X600 Bridge Camera Review». Henta 9. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]