Dobbeltvedtaket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sovjetisk SS-20 missil, dette missilet var kjernen til konflikten

Dobbeltvedtaket er nemninga på det vedtaket som vart fatta på NATO sitt medlemsmøte i Brussel den 12. desember 1979 som eit motsvar til utplasseringa av sovjetiske RT-21M-rakettar (NATO-nemning SS-20) i Aust-Europa frå 1976. NATO foreslo overfor Warszawapakten at det skulle innførast ei avgrensing på mellomdistanserakettar. Dersom ikkje Sovjet og Warszawa-pakta gjekk med på dette og trekte sina SS-20 rakettar tilbake, ville USA og NATO utplassera tilsvarande rakettar i Vest-Europa, Pershing II ballistiske mellomdistanserakettar og Tomahawk kryssarmissil.[1]

Ved INF-avtalen som USA og Sovjetunionen inngjekk i 1987, vart det mellom anna semje om å eliminera den klassa missil som SS-20, Pershing II og Tomahawk tilhøyrde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norgeshistorie.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • NATOs vedtak frå 1979, NATOs nettsider (engelsk)
  • Artikkel i Verdens Gang frå 1999 om dobbeltvedtaket
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.