Dobrynja Nikititsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dobrynja Nikititsj

Andre namnrussisk Добрыня Никитич, ukrainsk Добриня Микитич
EktefelleNastasya Mikulishna

Dobrynja Nikititsj er ein kjend bogatyr (episk riddar) i folkeminnet frå Kievriket.[1] Sjølv om figuren er oppdikta, byggjer han på ein verkeleg krigsherre, Dobrynja, som leia hæren til Svjatoslav den store og lærte opp sonen hans, Vladimir den store.

Fleire bylinaer fortel om Dobrynja som utfører oppgåver gjevne han av fyrst Vladimir. Dobrynja blir ofte framstilt som ein som er nær fyrstefamilien, og utfører sensitive og diplomatiske oppdrag. Han blir omtalt som ein dyktig bogeskytar, symjar og brytar. Han speler gusli og taflspel, og er kjend for høvisk og utspekulert framferd.[2]

Dobrynja og draken[endre | endre wikiteksten]

Dobrynja Nikititsj av Ivan Bilibin.
'Dobrynja Nikititsj reddar Zabava Putjatisjna frå draken Gorynytsj'. Illustrasjon av Ivan Bilibin.

Følgjande oppsummering er etter versjon frå Povenets ujezd i Olonets provins, samla av A.F. Gilferding i 1871 frå songaren P.L. Kalinin:[3]

Mor til Dobrynja ber han om å halda seg unna Sarasenarfjella, ikkje trampa ned drakeungar, ikkje redda russiske fangar og ikkje bada i Putsjajelva. Dobrynja høyrer ikkje på mor si, og gjer alle fire tinga.

Då han bada i Putsjajelva møtte han ein drake med tolv hovud (i nokre versjonar identifisert som Zmej Gorynytj[2]). Den våpenlause og desperate Dobrynja oppdaga «ein hatt frå Grekarland», og brukte denne til å nedkjempa draken.[a]

Draken bønnfall Dobrynja om å ikkje drepa henne, og dei to blei einige om å ikkje slost. Draken baut dette løftet med ein gong og flaug til Kiev, der ho bortførte Zabava Putjatisjna, niesa til fyrst Vladimir.

Då Dobrynja kom til Kiev gav fyrst Vladimir han ordre om å redda niesa hans eller bli drepen. Dobrynja klaga til mor si at han verken hadde ridedyr eller spyd til oppgåva, og blei gjeven arvehesten Burko og ein magisk pisk frå Shamakhi.

Dobrynja redda nokre fangar og trampa ned drakeungane, men ein av dei beit i foten til hesten og stoppa han. Dobrynja hugsa den magiske pisken, som piska liv inn i hesten att og sette han fri. Draken kom til, full av sinne over at ungane var døde, og nekta å gje frå seg Zabava utan ein kamp.

Dobrynja slost mot draken på Sarasenarfjella i tre dagar. Den tredje dagen ville han gje opp og dra frå staden, men ein stemme frå himmelen bad han om å kjempa i tre timar til. Etter dei tre timane drap Dobrynja til slutt draken.

Nastasya Mikulisjna. Skisse frå 1898.
Illustrasjon av soga

Drakeblodet rann ikkje ned i bakken, og Dobrynja låg i ein dam av det i tre dagar. Ein stemme frå himmelen bad han til slutt om å stikka spydet sitt i bakken og seia eit formular. Blodet blei då slukt av bakken, og Zabava var redda.

Sidan Dobrynja var av bondestand, kunne han ikkje gifta seg med Zabava og gav henne i staden til Aljosja Popovitsj. Dobrynja møtte ei polyanitsa (krigarkvinne), Nastasia, og gifta seg med henne i staden.[5]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

'Bogatyrar' (1888) av Viktor Vasnetsov med Dobrynja til venstre.
Måleri
  • Viktor Vasnetsov sitt kjende måleri Bogatyrar (1898) syner Dobrynja Nikititsj saman med to andre folkeheltar, Ilja Muromets og Aljosja Popovitsj.
Musikkverk
  • Nemnd i songen «Prosjstjanike slavjankij» (Прощание славянки)
  • I 1901 komponerte Aleksandr Gretsjaninov operaen Dobrynja Nikititsj.
Film og animasjon
  • Ilya Muromec i Solovej-Razbijnik, SOYUZMULTFILM (1978), sovjetisk animasjonsfilm regissert av Ivan Aksenchuk og skriven av Michael Volpin
  • Dobrynya Nikititsj og Zmej Gorynytsj, russisk animasjonsfilm frå 2006
  • Storozjova zastava (Сторожова́ заста́ва), ukrainsk film frå 2017
Anna
  • Isbrytaren «Dobrynja Nikititsj» (1916) og ein seinare isbrytarklasse blei kalla opp etter helten.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjølv om hatten blir nytta som våpen i denne versjonen, er den opphavleg symboltydinga at det var ein hatt brukt av pilegrimar i mellomalderen som hadde vitja Áthos.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James Bailey; Tatyana Ivanova (2015). An Anthology of Russian Folk Epics. Routledge. s. 106. ISBN 978-0-873-32641-4. 
  2. 2,0 2,1 Bailey & Ivanova (1998), s. 81.
  3. Bailey & Ivanova tr. (1998), s. 84–97 (oms.)
  4. Bailey & Ivanova tr. (1998), s. 82.
  5. [Bailey & Ivanova tr. (1998), s. 84–97 (translation)
Bibliografi

Public Domain Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som er falle i det fri: Brockhaus and Efron Encyclopedic Dictionary (på russisk). 1906.