Docksta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°3′18.972″N 18°19′20.816″E Docksta er ein svensk tettstad i Kramfors kommun i Västernorrlands län, i landskapet Ångermanland. I år 2005 hadde tettstaden 414 innbyggjarar. Staden ligg langs E4 omtrent 4 mil sør for Örnsköldsvik, ved Skulebergets fot. På staden finst skule opp til sjette klasse og ein slalåmbakke. Den kjende visefestivalen Skulefestivalen blir arrangert kvart år. Andre turistattraksjonar er Rövarbyn og Labyrinten.

Dei viktigaste bedriftene i Docksta er Dockstavarvet, som produserer Stridsbåt 90N og som i 2005 fylte 100 år. Det finst òg ein skofabrikk, Docksta Sko, som produserer slippers.

Dockstabaren er ein velkjend matstad for lastebilsjåfører og andre langveisreisande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]