Dodoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dodoma
Nyerere Square
Nyerere Square
Nyerere Square
Styresmakter
Land Tanzania
Grunnlagd år 1735
Borgarmeister Francis Mazanda
Geografi
Flatevidd 2 576 km²
Flatevidd
 - Hovudstad

2576 km²
Innbyggjarar
 - Hovudstad (2002)
   - folketettleik

324.347
  125,9/km²
Koordinatar 6°10′23″S 35°44′31″EKoordinatar: 6°10′23″S 35°44′31″E
Tidssone UTC +3 (UTC3)
Diverse anna
Heimeside: http://www.dodoma.go.tz/
Plassering
Plassering av Dodoma
Plassering av Dodoma

Dodoma (gogo for 'han har sokke') er ein by og hovudstad i Tanzania.

Hovudstad[endre | endre wikiteksten]

Dodoma tok over frå Dar-es-Salaam som hovudstad for Tanzania i 1974, og ein starta prosessen med å flytta dei offisielle kontora frå Dar-es-Salaam til Dodoma. Etter planen skulle dette arbeidet vera fullført i 2005, men i 2007 stod framleis mange offisielle bygg att i Dar-es-Salaam. Dodoma er også delstadshovudstad.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Dodoma er ein innlandsby, og ligg omtrent midt i landet. Dei innfødde folkegruppene i Dodoma-området er gogo-, rangi- og sandawefolk, men innbyggjarane i det moderne Dodoma kjem frå mange ulike folkegrupper. Ifylgje den katolske kyrkja er 19,2 % katolikkar.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Ein stor motorveg og ein jernbane går mellom Dodoma og Dar-es-Salaam ved kysten av Indiahavet. Det går også vegar vestover og nordover frå Dodoma. Det finst også flyplass ved Dodoma, og styresmaktene planlegg å byggja ein ny flyplass ved byen.

Dodoma er eit handelssenter for landbruksprodukt, t.d. jordnøtter, mais, ris, bønner, kaffi, te, og kveite. Det finst også noko lettindustri her.

I nærleiken av byen ligg vasskjelda Hombolo-dammen, som bystyret har ansvar for. Det finst to universitet i Dodoma: St. Johns University of Tanzania som den anglikanske kyrkja eig, og University of Dodoma. Begge vart opna i 2007.

Bilete frå Dodoma[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dodoma i Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dodoma