Dog Eat Dog av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dog Eat Dog
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve Oktober 1985
Innspelt 1984–85
Sjanger
Lengd 43:30
Selskap Geffen
Produsent Joni Mitchell, Larry Klein, Thomas Dolby, Mike Shipley
Joni Mitchell-kronologi
Wild Things Run Fast
(1982)
Dog Eat Dog Chalk Mark in a Rain Storm
(1988)


Singlar frå Dog Eat Dog
  1. «Good Friends»
    Utgjeve: November 1985
  2. «Shiny Toys»
    Utgjeve: April 1986
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
The Village VoiceB+[4]

Dog Eat Dog er det 12. studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1985. Det var det andre albumet hennar for Geffen Records.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Som føregangaren Wild Things Run Fast, går Dog Eat Dog bort frå den tidlegare visesong- og jazz-stilen hennar til fordel for ein 80-tals popstil. Albumet var uvanleg for Mitchell på grunn av det syntetiske lydbiletet, med produksjonsarbeid av den britiske synthesizermusikaren Thomas Dolby. Ektemannen hennar og bassisten Larry Klein, som ikkje berre var medprodusent og spelte klaverinstrument, hadde òg ei større rolle i å forme den teknologiske popstilen på albumet, og var medlåtskrivar på to av songane. All gitar vart spelt av studiomusikaren Michael Landau, ved hjelp at elektriske og teksturmessige lydbilete som skilde seg kraftig frå gitarstilen til Mitchell. I løpet av dei neste par albuma gjekk Mitchell gradvis attende til den meir organsie stilen hennar frå midten av 1970-åra.

Tekstmessig omhandla albumet viktige saker frå samfunnslivet på midten av 1980-åra, som televangelistar, konsumerisme og svolt i Etiopia. Ein av dei meir uvanleg songane til Mitchell, «Smokin' (Empty, Try Another)», vart spelt inn med å sample lyden av sigarettautomatar i gangen i studioet der Wild Things Run Fast vart spelt inn. «Good Friends» vart spelt inn som ein duett med Michael McDonald og det vart laga ein video til songen med animasjon av Jim Blashfield.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Shiny Toys» og «Good Friends» kom begge ut på singlar. Det vart laga ein video for «Good Friends» med animasjonar av Jim Blashfield. «Shiny Toys» kom òg ut i ein 12" extended dance-singel, miksa av François Kevorkian, og hadde meir tekst enn albumversjonen, med ein ekstra talt røyst av Thomas Dolby («I LOVE being out on the golf course!»).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Good Friends» 4:25
2.«Fiction»Joni Mitchell, Larry Klein4:14
3.«The Three Great Stimulants» 6:11
4.«Tax Free»Joni Mitchell, Larry Klein4:19
5.«Smokin' (Empty, Try Another)» 1:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Dog Eat Dog»4:41
2.«Shiny Toys»3:27
3.«Ethiopia»5:53
4.«The Impossible Dreamer»4:30
5.«Lucky Girl»4:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joni Mitchell – vokal, piano, klaverinstrument, synthesizer, lydeffektar, måleri på framsida
  • Larry Klein – klaverinstrument, synthesizer, bass, programmering; talt vokal på «Fiction»
  • Thomas Dolby – klaverinstrument, synthesizer, programmering; talt vokal på «Fiction» og «Shiny Toys»
  • Joe Smith – talt vokal på «Fiction»
  • Rod Steiger – talt vokal (evangelisttale) på «Tax Free»
  • Bob «Zyg» Winard – talt vokal på «Shiny Toys»
  • Michael Landau – gitar
  • Steve Lukather – gitar på «Smokin' (Empty, Try Another)»
  • Larry Williams – fløyte, tenorsaksofon på «Shiny Toys»
  • Kazu Matsui – shakahachi[sic] på «Ethiopia»
  • Wayne Shorter – sopransaksofon på «Impossible Dreamer», tenorsaksofon på «Lucky Girl»
  • Jerry Hey – trompet, flygelhorn, horn arrangement på «Shiny Toys»
  • Gary Grant – trompet, flygelhorn på «Shiny Toys»
  • Vinnie Colaiuta – trommer, samplingar
  • Alex Acuña – batatromme på «Impossible Dreamer»
  • Michael Fisher – perkusjonssamplingar
  • Michael McDonald – vokal på «Good Friends», korvokal på «Tax Free»
  • Don Henley – korvokal på «Tax Free», «Dog Eat Dog» og «Shiny Toys»
  • James Taylor – korvokal på «Tax Free», «Dog Eat Dog» og «Shiny Toys»
  • Amy Holland – korvokal på «Tax Free»
Teknisk
  • Mike Shipley – lydteknikar, miksing
  • Bob «Zyg» Winard, Dan Marien – assisterande lydteknikarar
  • Glen Christensen – kunstnarisk leiar

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 

 

  1. Ruhlmann, William (2011). «Dog Eat Dog – Joni Mitchell». AllMusic. Arkivert frå originalen 7. mars 2017. Henta 10. juli 2021. 
  2. Rob Tannenbaum (16. januar 1986). «Dog Eat Dog». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. mars 2005. 
  3. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  4. Christgau, Robert (3. desember 1985). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 9. april 2020.