Doge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portrett av dogen Giovanni Mocenigo. Gentile Bellini, 1480.

Doge (uttalt [doːdʃe], «dådsje») var tittelen til statsoverhovuda i republikkane Venezia og Genova.[1] Det var dogar i Venezia frå 697 til 1797. Genova tok etter venetiansk modell tittelen i bruk frå 1339 til 1805.

Tittelen er avleidd frå det latinske dux, 'leiar',[1] som i den romerske republikken var ei nemning på den øvste militære leiaren i ein grenseprovins.

Dogen vart vald på livstid, mellom kandidatar frå dei rikaste og mektigaste familiane, men vart aldri ein arveleg tittel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.