Dogri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dogri
(डोगरी ڈوگرى, ḍogrī)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indo-iransk
  Indo-arisk
   Nordvestleg
    Vestleg pahari (dogri–kangri)
Bruk
Tala i: India
Dogritalande i alt: 5 millionar
Språkkodar
ISO 639-2: doi
ISO 639-3: doi
Område i India og Pakistan der ein talar dogri og nærskylde språk.

Dogri (devanagari: डोगरी, urdualfabetet: ڈوگرى), i Pakistan og Pakistansk Kashmir òg kalla pahari (devanagari पहाड़ी, urdualfabetet پھاڑی), er eit indoarisk språk som blir brukt i Pakistan og India, hovudsakleg i regionen Jammu i Jammu og Kashmir, men òg i det nordlege Panjab, Himachal Pradesh, andre delar av Kashmir og andre stadar.[1] Dogri vert tala av den etniske gruppa dogra, og den dogri-talande regionen vert kalla Duggar.[2] Det har rundt 5 millionar talarar.[3]

Dogri vert klassifisert som ein medlem av den vestlege paharigruppe av indoariske språk.[4] Dogri er eit tonespråk,[5] noko som er uvanleg for indoeuropeiske språk. Dette særpreget har det til felles med andre vestlege paharispråk og med panjabi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Billawaria, Anita K. (1978). History and Culture of Himalayan States, v.4. Light & Life Publishers. 
  2. Narain, Lakshmi (1965). An Introduction to Dogri Folk Literature and Pahari Art. Jammu and Kashmir Academy of Art, Culture and Languages. 
  3. Sharma, Sita Ram (1992). Encyclopaedia of Teaching Languages in India, v. 20. Anmol Publications. s. 6. 
  4. Masica, Colin P. (1993). The Indo-Aryan Languages. Cambridge University Press. s. 427. ISBN 0-521-29944-6. 
  5. Ghai, Ved Kumari (1991). Studies in Phonetics and Phonology: With Special Reference to Dogri. Ariana Publishing House. ISBN 81-85347-20-4. non-Dogri speakers, also trained phoneticians, tend to hear the difference as one of length only, perceiving the second syllable as stressed