Doi Nang Non
Utsjånad
| Doi Nang Non ดอยนางนอน | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Chiang Rai | ||
![]() Doi Nang Non 20°21′06″N 99°50′30″E / 20.351666666667°N 99.841666666667°E | |||
|
Fjellet ligg sør i Daen Lao-fjellkjeda (som er merka med raudt).
| |||
| Wikimedia Commons: Doi Nang Non | |||
Doi Nang Non er eit fjell i Chiang Rai-fylket i Thailand, i distriktet Mae Sai.[1]
Tham Luang-grotta
[endre | endre wikiteksten]I fjellet finst eit system av grotter. Tham Luang-grotta[2] (eller Tham Luang Nang Non) er 10 kilometer lang.[3][4] I 2018 blei tolv gutar frå eit fotballag og trenaren deira sakna etter å ha gått inn i grotta. Dei blei funne i live etter ni dagar.[3] Ein omfattande internasjonal redningsaksjon fann stad og redda dei 13 ut av det oversvømte grottesystemet.
Lokale ungdommar har vitja grotta i mange år, og det finst døme på at nokre av dei har gått seg vill der i kortare tidsrom.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Signs of concern», bangkokpost.com, henta 2020-04-25
- ↑ «Srivara puts foot in it with rescue rhetoric», bangkokpost.com, henta 2020-04-25
- 1 2 Eivind Molde (11. juli 2018). «Thailandske fotballgutter funnet i live». Urix. NRK.no.
- ↑ Bruland, Roger Sevrin (2018-07-01), «Dramaet i grotta: Bileta som viser kampen mot klokka», NRK, henta 2020-04-25
- ↑ Liam Cochrane (5. juli 2018). «Thai cave rescue: 'Tham Luang' a magnet for teen adventurers, local man says». ABC News. abc.net.au.

