Dokkaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dokka er ei sideelv til Etna. Dokka har utspringet sitt i fjella aust i Øystre Slidre kommune, ikkje langt frå Etna sitt utspring. Frå utspringet renn ho austover, og ut i Fjelldokkvatnet (938 moh.). Ho kryssar grensa til Gausdal kommune, renn gjennom nokre mindre vatn (Vågskardvatnet, 825 moh., Mjødokka, 785 moh.), og ut i Dokkvatnet (778 moh.). Frå dette renn ho søraustover og sørover under namnet Dokkelva, før ho renn ut i det oppdemde Dokkfløyvatnet (735—696 moh.), der Dokkfløydammen held vatnet tilbake. Frå sørenden av dette vatnet til munningen vert elvar kalla Dokka; heile denne strekninga ligg i Nordre Land kommune. Ved Åmot tar ho imot sideelva Synna frå vest, lenger ned tar ho imot Kjøljua. Nedanfor åmotet med Kjøljua er ho igjen oppdemd. Like før utløpet i Etna renn elva gjennom tettstaden Dokka og her deler ho seg i to greiner.

Fylkesveg 33 kryssar Dokka over dei to greinene ved munningen. Det eine elveløpet vart òg kryssa av den nedlagte Valdresbanen. Noko lenger oppe er det bru for vegen frå Dokka sentrum. Lenger nord er det ikkje bru før Grønvoll bru i Torpa og Valhovd bru ved Åmot. Det er òg ei bru nedanfor Dokkfløydammen.

Av fossane i Dokka finn ein Veslfossen like nedanfor Dokkfløydammen, og Høgfossen noko lenger ned. Høgfossen er ei 40 m høg foss, men har redusert vassføring på grunn av oppdemminga.

Kraftverka i elva er Torpa kraftverk og Dokka kraftverk, som vert drive av Oppland Energi.