Dokkehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antikt engelsk dokkehus.
Foto: Paul Keleher

Dokkehus er eit modellhus som kan brukast til leik med dokker. Vanlegvis er ein eller to av veggene til å opna, ta av, eller er ikkje til stades, slik at ein kan sjå og nå inn i romma. Huset er nedskalert frå eit vanleg bustadhus, og inneheld dei fleste vanlege bustadrom i ein skala tilpassa dokkestorleiken. Dei mest avanserte har til og med bad og elektrisk lys. Til dokkehuset kan det skaffast dokker, møblar og husgeråd i passande skala.

Dokkehus var opphavleg kostbare, forseggjorte gjenstandar som berre tilhøyrde velståande familiar. Nokre av desse er i dag høgt verdsette både som museumsgjenstandar og blant samlarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rom i eit dokkehus med dokker frå Nürnberg, ca. 1650–1700

Det er funne gravgods frå Det gamle Egypt med modellar av hus, møblar, utstyr og menneske som utfører ulike oppgåver. Dei eldste funna er frå førdynastiske Egypt, 3500–2632 f.Kr. Ein reknar med at slike modellar hadde ei rituell tyding for den avdøde i livet deira etter døden.[1]

Det eldste europeiske dokkehuset ein kjenner til blei bestilt av Albrecht V av Bayern i 1557-1558. Ein reknar med at dette blei laga for den vaksne eliten.[2] Det blei laga ei rekkje liknande hus i Nürnberg, med realistiske modellar av kvardagsliv. Desse husa danna mykje av grunnlaget for moderne dokkehus.[3] Det blei laga eittroms-dokkehus, som eit frå 1572 som blei gjeve til Dorothea og Anna, døtrene til Augustus av Sachsen, då dei var fem og ti år gamle.[4] Allereie på 1500-talet kan ein altså sjå både dokkehus laga for vaksne og for barn.[2]

Dokkehus blei utbreidde i Europa, og i Nederlanda blei det laga fleire kostbare dokkehus forma som skap for velståande kvinner på 1600- og 1700-talet. Desse omfatta utsøkt innreia rom som eigarane kunne syna fram som rariteskabinett. I England blei det vanleg å laga hus med meir realistiske utsider frå 1700-talet av. Desse kunne vera kopiar av verkelege hus. I løpet av hundreåret blei det vanlegare å laga dokkehus for barn til å leika med, i staden for særs forseggjorte hus for vaksne til å visa fram. Det blei også lagt vekt på at jenter kunne laga sine eigne dokkehus eller passande utstyr for dei.[2]

Tidlege dokkehus blei laga enkeltvis for hand. I lag med den industrielle revolusjonen byrja ein masseprodusera leiketøy, mellom anna dokkehus og miniatyrar ein kunne ha i dei. Hus og innbu blei billigare og mindre realistiske, med materiale som kopar og tinn.[2] Kjende tyske produsentar av dokkehus var mellom anna Christian Hacker, Moritz Gottschalk, Elastolin og Moritz Reichel. Viktige engelske føretak er mellom anna Silber & Fleming, Evans & Cartwright og Lines Brothers (som blei til Tri-ang). Ved slutten av 1800-talet blei det laga dokkehus i USA av The Bliss Manufacturing Company. I Frankrike blei det laga Deauville-dokkehus av Villard & Weill i det fyrste kvartalet av 1900-talet.[5]

Skala[endre | endre wikiteksten]

Storleikstilhøve frå venstre til høgre: 1:24, 1:16, 1:12, 1:10.

Tidlege handlaga dokkehus hadde vanlegvis ulik skala, slik at ulike dokkehus og utstyr ikkje passa i hop. Då ein fyrst byrja masseprodusera dokkehus var det framleis ikkje vanleg å følgja ein sams skala. Frå 1900-talet blei det vanlegare å laga dokkehus for barn med eit storleiksforhold på 1:18, eller ein skala der 1 fot er representert av 2/3 av ein tomme. Utbreidde merke som Lundby (frå Sverige), Renwal, Plasco, Marx, Petite Princess og T. Cohn (alle frå USA) og Caroline's Home, Barton, Dol-Toi og Tri-ang (frå England) nyttar denne skalaen. Nokre få merke nyttar tilhøvet 1:16 eller 3/4". I Tyskland blei det frå midten av 1900-talet vanleg å bruka eit tilhøve på 1:10, som er nærare knytt til det metriske systemet.

For vaksne samlarar av dokkehus i dag er skalaen 1:12 utbreidd. Denne skalaen blir også kalla 1" eller ein tomme-skalaen (one inch scale), der 1 fot er representert av 1 tomme. Blant vaksne samlarar blir det også brukt mindre skalaer, særleg i USA. 1:24 eller half inch scale (1 fot er 1/2") var populær i Marx-dokkehus på 1950-talet, men blei fyrst meir utbreidd i samlarhus etter 2002, på omlag same tid som endå mindre tilhøve blei meir utbreidde. Eit døme på dette er 1:48 eller quarter inch scale (1 fot er 1/4") og 1:144 eller «dokkehus til eit dokkehus»-storleik.

Den største vanlege storleiken på dokkehus er 1:6. Denne passar til fleire moderne dokker, som Barbie, Blythe og andre dokker som er 11–12 tommar (280–300 mm) høge, og til møblar og utstyr frå til dømes Re-Ment.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Dokkehus opptrer mykje i barnelitteratur, som i In The Tale of Two Bad Mice (1904) av Beatrix Potter, der to myser bryt seg inn i eit dokkehus, rotar det til, og seinare angrar og gjer det fint att. The Dolls' House (1947) av Rumer Godden handlar om «levande» dokker som drøymer om eit dokkehus.[6]

Dokkehus opptrer også i annan litteratur. I novella «The Doll’s House» (1923) av Katherine Mansfield er eit stort, nytt dokkehus det sentrale motivet som eit lite, klassedelt lokalsamfunn krinsar rundt.[7]

Dokkehus er også blitt brukte til å kommentera samfunnet. I skodespelet Et Dukkehjem (1879) av Henrik Ibsen liknar hovudpersonen Nora den ekteskapelege heimen sin med «en lekestue» der ho har vore ei «dukkehustru».[8] Miriam Schapiro og Sherry Brody skapte verket Dollhouse (1972) som ei feministisk utsegn om den moderne familien.[9] Kunstnaren Dina Goldstein laga ein fotografiserie kalla In the Dollhouse i 2012 som kommenterte heimeliv og kjønnsroller ved hjelp av dokkene Barbie og Ken.[10]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tooley, Angela M. J. (2001). «Models». The Oxford Encyclopedia of Ancient Egypt (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-510234-5. doi:10.1093/acref/9780195102345.001.0001/acref-9780195102345-e-0466. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Chen, Nancy (September 2015). «Playing with Size and Reality: The Fascination of a Dolls' House World». Children's Literature in Education 46 (3): 278–295. doi:10.1007/s10583-014-9234-y. 
  3. King, Constance Eileen (1983). The collector's history of dolls' houses, doll's house dolls, and miniatures. New York: St. Martin's Press. s. 27–28. ISBN 0312150288. 
  4. Gröber, Karl (1928). Children's Toys of Bygone Days: A History of Playthings of All Peoples from Prehistoric Times to the XIXth Century (på engelsk) (trans. Philip Hereford utg.). Frederick A. Stokes Company. 
  5. Vangenechten, Fabienne (2021). Villard & Weill - Antique Deauville Dollhouses - Les Maisons de Poupées Deauville (på engelsk og fransk) (Belle Epoque Dolls utg.). Belle Epoque Dolls. 
  6. «The Doll's House by Rumer Godden: 9780140309423 | PenguinRandomHouse.com: Books», PenguinRandomhouse.com (på engelsk), henta 5. august 2022 
  7. Sandley, Sarah SandleySarah (1. januar 2006). «‘Doll's House, The’» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-558348-9. 
  8. Ibsen, Henrik (1879), «3.html (Et dukkehjem)», runeberg.org (på norsk), henta 5. august 2022 
  9. Marter, Joan (2011). «Schapiro, Miriam» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-533579-8. 
  10. Zipes, Jack (19. november 2015). «Goldstein, Dina» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-968982-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dokkehus