Hopp til innhald

Dole Food Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dole Food Company, Inc.

Hovudkontoret til Dole i California.
Org.formPrivat
BransjeLandbruksindustri, næringsmiddelindustri
Skipa1851
EigarDavid H. Murdock
HovudkontorWestlake Village i California
LandUSA (globalt)
ProduktFrukt
Grønsaker
Matprodukt
Grunnleggjar(ar)Samuel Northrup Castle
Amos Starr Cooke
Tilsette34 500[1]
Salsinntekter280 564 000 USA-dollar (2024)
Omsetnad280 564 000 USA-dollar (2024)
Resultat38,4 millionar[2]
Nettstadwww.dole.com

Dole Food Company, ofte kjend som Dole, er eit USA-basert fleirnasjonalt selskap som driv med landbruksprodukt som frukt, grønsaker og produkt av desse, som jus og hermetikk. Det har hovudkontor i Westlake Village i California. Dole hadde i 2011 34 500 tilsette og verka i 90 land.[3] Selskapet har lenge vore den største produsenten av frukt og grønsaker i verda, men ei samanslåing av Chiquita og Fyffes annonsert i mars 2014 vil gjera resultatet ChiquitaFyffes til den største bananprodusenten.[4]

Ananasar med Dole-merket.

Selskapet kan førast tilbake til Castle & Cooke, grunnlagd i 1851 på Hawaii, og Hawaiian Pineapple Company, grunnlagd i 1901 av James Dole. Castle & Cooke dreiv med shipping, jernbanekonstruksjon, sjømatpakking, sukkerproduksjon og andre næringsmiddel. Hawaiian Pineapple Company dreiv hovudsakleg med ananas. Det blei delvis kjøpt av Castle & Cooke i 1932 og heilt kjøpt opp på 1960-talet, saman med Standard Fruit Company. I 1975 kjøpte det tyske Philipp Astheimer & Sohn og kom inn på den europeiske marknaden.[5] Selskapet fekk sitt noverande namn i 1991. Castle & Cooke Inc blei skilt ut som eit eigedomsselskap i 1995. Dole kjøpte opp det amerikanske frosenmatselskapet JR Woods i 2004, svenske Saba AB i 2005, bærprodusenten Sunny Ridge i 2011 og Mrs. May’s Naturals i 2012.[5]

Ein ingeniør for Dole fann i 1911 opp ein maskin som kunne skrella, ta ut midten og skiva opp ananasar. I 1933 byrja selskapet merka hermetikken sin med merkevarenamnet Dole. Den noverande logoen for Dole, med namnet i raude bokstavar og ei sol inni o-en, blei utforma i 1983.[5]

Dole-plantasje på Oahu på Hawaii.

Dole driv plantasjar i Sør- og Sentral-Amerika og i Stillehavs-Asia, på Filippinane. Det har pakkefabrikkar i Hua Hin og Chumphon i Thailand,[6] distribusjonssenter i Shanghai og Qingdao i Kina og fleire fabrikkar i Europa.[7]

Etiske spørsmål

[endre | endre wikiteksten]

Dole Food Company er eit av dei store fruktelskapa som er blitt kritisert for å utnytta arbeidarar i utviklingsland.[8] Det er likevel blitt nemnd som eit av «verdas mest etiske selskap» av Ethisphere Magazine.[5]

I 2009 blei det skulda for å ha brukt eit sprøytemiddel, DBCP, som hadde ført til sterilitet hjå arbeidarar, på ein plantasje i Nicaragua på 1970-talet. Selskapet gjekk gjennom fleire rettssaker, men blei ikkje dømt. Den svenske dokumentarfilmen Bananas!* skildra kampen mot selskapet, og blei hardt motarbeidd av Dole Food Company.[9]

  1. «Dole Food Company Inc.: Private Company Information - Businessweek». Investing.businessweek.com. Henta 5. oktober 2012.
  2. Hoover's: Dole Food Company, Inc. Factsheet (Retrieved April 2, 2012)
  3. «Dole Food Company, Inc. Company Profile - Yahoo! Finance». Biz.yahoo.com. 25. september 2012. Henta 5. oktober 2012.; «| Company Profile from Hoover’s». Hoovers.com. Henta 5. oktober 2012.
  4. Chiquita and Fyffes join to make world's biggest banana firm. Reuters.com. Retrieved 14 March 2014.
  5. 1 2 3 4 Timeline, Dole.com
  6. «Locations of Dole Food Company in Thailand». Dole Food Company. 2012. Arkivert frå originalen 30. september 2012. Henta 9 September 2012.
  7. Dole Worldwide Arkivert 2014-05-04 ved Wayback Machine., dole.com
  8. Anup Shah (3. januar 2010). «The Banana Trade War». Global Issues.; «Dole bananas not ethical - Oxfam». 3 News NZ. May 28, 2013.
  9. «Så ville Dole styra SVT». Dagens Media. 12 juni 2009. Arkivert 2009-06-15 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]