Dolgansk
dolgansk Дулҕан | ||
Klassifisering: | Tyrkiske språk Nordtyrkisk Dolgansk | |
Bruk | ||
Tala i: | Russland | |
Område: | Krasnojarsk kraj | |
dolgansktalande i alt: | 1 000[1] | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | Kyrillisk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | dlg |
Dolgansk er eit språk i den nordtyrkiske gruppa av de tyrkiske språka, og det næraste slektspråket er jakutisk. Dolganane skil seg frå jakutane ved at dei driv med reindrift, og i alle fall før Oktoberrevolusjonen var dei nomadiske. Språkleg er skilnaden gruppene i mellom så liten at ein viktig grunn til at dei blir rekna som to språk den etnografiske skilnaden dei i mellom.
På same måte som finsk, ungarsk og tyrkisk har dolgansk vokalharmoni, det er agglutinerande, og har ikkje kjønn. Ordstillinga er som regel subjekt–objekt–verb.
Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]
Dolgansk fekk skriftspråk rundt 1920, basert på det latinske alfabetet. Etter omlegginga til kyrillisk i 1937 fekk dolgansk eit nytt alfabet, med desse tilleggsbokstavane og digrafane, Дь дь, Һ һ, Ҥ ҥ, Нь нь, Ө ө, Ү ү, i tillegg til det vanlege kyrilliske а-я.
Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]
I Dudinka kjet kjem ut ei avis, Tajmyr, som regelmessig publiserer på dolgansk.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Stachowski, M.: Dolganischer Wortschatz, Kraków 1993 (+ Dolganischer Wortschatz. Supplementband, Kraków 1998).
- Stachowski, M.: Dolganische Wortbildung, Kraków 1997.
- Андросова С. И.: Долганский язык // Языки мира. Тюркские языки. М, 1997.
- Убрятова Е. И.: О языке долган // Языки и фольклор народов сибирского Севера. М.; Л., 1966;
- Убрятова Е. И.: Язык норильских долган. Новосиб., 1985;
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010