Dolly Parton
Dolly Rebecca Parton (fødd 19. januar 1946) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, multi-instrumentalist, skodespelarinne, forfattar og forretningskvinne, mest kjend som countryartist. Etter å ha hatt suksess som låtskrivar for andre artistar, debuterte Parton som plateartist i 1967 med Hello, I'm Dolly. Etter suksessen hennar seint i 1960-åra, både som soloartist og med ei rekkje duettalbum i lag med Porter Wagoner, nådde salstala og listeplasseringane hennar eit høgdepunkt i 1970-åra, og fortsette inn i 1980-åra. Albuma til Parton selde ikkje like godt i 1990-åra, men ho har sidan 2000 hatt kommersiell suksess igjen og gjeve ut album på forskjellige sjølvstendige selskap, inkludert hennar eige Dolly Records.
Parton har hatt 25 songar på toppen av Billboard-countrylista, som er rekord for ein kvinneleg artist (i lag med Reba McEntire). Ho har 44 topp 10-album på countrylista, som er rekord for alle artistar, og 110 av singlane hennar har gått inn på lista dei siste 40 åra.[2] Ho har fått ti Grammyprisar og 49 nominasjonar, inkludert æresprisen. I tillegg har ho vunne ti Country Music Association Awards, mellom anna som årets artist og som ein av berre sju kvinnelege artistar som har vunne denne prisen. Ho har vunne fem Academy of Country Music Awards og tre American Music Awards.[3]
I 1999 vart Parton innlemma i Country Music Hall of Fame. Ho har komponert over 3 000 songar, inkludert «I Will Always Love You» (som har nådd toppen av den amerikanske countrylista ved to forskjellige høve, og i tillegg vert ein internasjonal pophit for Whitney Houston), «Jolene», «Coat of Many Colors» og «9 to 5». Ho er òg blant få som har hatt minst ein nominasjon blant Oscarpisen, Grammyprisen, Tonyprisen og Emmyprisen. Som skodespelar har ho spelt i filmar som 9 to 5 (1980) og The Best Little Whorehouse in Texas (1982), som ho vart nominert til Golden Globe for i kategorien beste skodespelarinne, i tillegg til Rhinestone (1984), Steel Magnolias (1989), Straight Talk (1992) og Joyful Noise (2012).
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Hello, I'm Dolly (1967)
- Just Between You and Me (med Porter Wagoner) (1968)
- Just Because I'm a Woman (1968)
- Just the Two of Us (med Porter Wagoner) (1968)
- In the Good Old Days (When Times Were Bad) (1969)
- Always, Always (med Porter Wagoner) (1969)
- My Blue Ridge Mountain Boy (1969)
- The Fairest of Them All (1970)
- Porter Wayne and Dolly Rebecca (med Porter Wagoner) (1970)
- Once More (med Porter Wagoner) (1970)
- Two of a Kind (med Porter Wagoner) (1971)
- The Golden Streets of Glory (1971)
- Joshua (1971)
- Coat of Many Colors (1971)
- The Right Combination • Burning the Midnight Oil (med Porter Wagoner) (1972)
- Touch Your Woman (1972)
- Together Always (med Porter Wagoner) (1972)
- My Favorite Songwriter, Porter Wagoner (1972)
- We Found It (med Porter Wagoner) (1973)
- My Tennessee Mountain Home (1973)
- Love and Music (med Porter Wagoner) (1973)
- Bubbling Over (1973)
- Jolene (1974)
- Porter 'n' Dolly (med Porter Wagoner) (1974)
- Love Is Like a Butterfly (1974)
- The Bargain Store (1975)
- Say Forever You'll Be Mine (med Porter Wagoner) (1975)
- Dolly (1975)
- All I Can Do (1976)
- New Harvest...First Gathering (1977)
- Here You Come Again (1977)
- Heartbreaker (1978)
- Great Balls of Fire (1979)
- Dolly, Dolly, Dolly (1980)
- Porter & Dolly (med Porter Wagoner) (1980)
- 9 to 5 and Odd Jobs (1980)
- Heartbreak Express (1982)
- Burlap & Satin (1983)
- The Great Pretender (1984)
- Once Upon a Christmas (med Kenny Rogers) (1984)
- Real Love (1985)
- Trio (med Emmylou Harris og Linda Ronstadt) (1987)
- Rainbow (1987)
- White Limozeen (1989)
- Home for Christmas (1990)
- Eagle When She Flies (1991)
- Slow Dancing with the Moon (1993)
- Honky Tonk Angels (med Loretta Lynn og Tammy Wynette) (1993)
- Something Special (1995)
- Treasures (1996)
- Hungry Again (1998)
- Trio II (med Emmylou Harris og Linda Ronstadt) (1999)
- Precious Memories (1999)
- The Grass Is Blue (1999)
- Little Sparrow (2001)
- Halos & Horns (2002)
- For God and Country (2003)
- Those Were the Days (2005)
- Backwoods Barbie (2008)
- Better Day (2011)
- Blue Smoke (2014)
- Pure & Simple (2016)
- I Believe in You (2017)
- A Holly Dolly Christmas (2020)
- Singlar
(Utval)
- «I Will Always Love You», (1974, førsteplass på Hot Country Songs-lista)
- «Yellow Roses» (1989, førsteplass på Hot Country Songs)[4]
- «I Will Always Love You», Vince Gill gjestar (1995)
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- 9 to 5 (1980)
- The Best Little Whorehouse in Texas (1982)
- Rhinestone (1984)
- Steel Magnolias (1989)
- Straight Talk (1992)
- Frank McKlusky, C.I. (2002)
- Gnomeo & Juliet (2011)
- Joyful Noise (2012)
Publiserte verk
[endre | endre wikiteksten]- Just the Way I Am: Poetic Selections on Reasons to Live, Reasons to Love and Reasons to Smile from the Songs of Dolly Parton (1979)[5]
- My Life and Other Unfinished Business (1994)[6]
- Coat of Many Colors (1996)[7]
- Dolly's Dixie Fixin's: Love, Laughter and Lots of Good Food (2006)[8]
- I Am a Rainbow[9] (2009)
- Dream More: Celebrate the Dreamer in You (2012)[10]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Hall of Fame og Walk of Fame
[endre | endre wikiteksten]Parton er teken med i fleire ulike «Hall of Fame»:
- Nashville Songwriters Hall of Fame (1986)[11]
- Small Town of America Hall of Fame (1988)[12]
- East Tennessee Hall of Fame (1988)[13]
- Country Music Hall of Fame (1999)[14]
- Songwriters Hall of Fame (2001)[15]
- Junior Achievement of East Tennessee Business Hall of Fame (2003)[16]
- The Americana Highway Hall of Fame (2006)[17]
- Grammy Hall of Fame – "I Will Always Love You – 1974 Recording" (2007)[18]
- Blue Ridge Music Hall of Fame – Songwriter Category (2008)[19]
- Gospel Music Hall of Fame (2009)[20]
- Music City Walk of Fame (2009)[21]
- Country Gospel Music Hall of Fame (2010)[22]
- Grammy Hall of Fame – "Jolene – 1974 Recording" (2014)[23]
- The National Hall of Fame for Mountain Artisans (2014)[24]
- The Happiness Hall of Fame (2016)[25][26]
- East Tennessee Writers Hall of Fame (2019)
- Grammy Hall of Fame – "Coat of Many Colors – 1971 Recording" (2019)[27]
I 2022 blei ho nominert til Rock and Roll Hall of Fame.[28] Parton takka nei til nominasjon i mars 2022, ettersom ho forstod det slik at Rock and Roll Hall of Fame var «for folk innan rockemusikk».[29][30] I april 2022, etter å ha fått høyra at dette var ei misforståing, sa Parton at ho kom til å ta imot dersom ho blei vald inn.[30] I mai 2022 annonserte Rock and Roll Hall of the Fame at ho kom til å bli innført.[31]
Parton blei gjeven ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1984, ved 6712 Hollywood Boulevard i Hollywood og ei stjerne på Nashville sin StarWalk for Grammy-vinnarar;[32]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dolly Parton» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Parton 1994.
- ↑ «Dolly Parton». Billboard. Henta 1. juni 2020.
- ↑ «2020 GRAMMY Awards: Complete Winners List». GRAMMY.com (på engelsk). 20. november 2019. Henta 1. juni 2020.
- ↑ Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. ISBN 978-0-89820-188-8.
- ↑ Just the Way I Am: Poetic Selections on «Reasons to Live, Reasons to Love and Reasons to Smile» from the Songs of Dolly Parton (på engelsk). Blue Mountain Press. 1979. ISBN 978-0883960431.
- ↑ results, search (1. oktober 1994). Dolly: My Life and Other Unfinished Business (på engelsk). HarperCollins. ISBN 978-0060177201.
- ↑ Parton, Dolly (18. januar 1996). Coat of Many Colors: Dolly Parton, Judith Sutton: 9780064434478: Amazon.com: Books. ISBN 978-0064434478.
- ↑ «Dolly's Dixie Fixin's: Love, Laughter and Lots of Good Food». Viking Studio. Henta 2. november 2018.
- ↑ «I Am a Rainbow» (på engelsk). G.P. Putnam's Sons. 2009. Henta 2. november 2018.
- ↑ Dream More: Celebrate the Dreamer in You (på engelsk). Riverhead Books. 5. november 2013. ISBN 978-1594631313.
- ↑ «Nashville Songwriters Hall of Fame». Nashville Songwriters Hall of Fame. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Small Town of America Hall of Fame». dollyparton.com. June 26, 1988. Henta April 8, 2016.
- ↑ «East Tennessee Hall of Fame». dollyparton.com. October 12, 1988. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Dolly Parton – Inductee». Country Music Hall of Fame. Arkivert frå originalen 1. juli 2014. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Dolly Parton». National Songwriters Hall of Fame. Henta July 23, 2018.
- ↑ «JA East Business TN Hall of Fame». Henta April 8, 2016.
- ↑ Gordon, Duane. «Year In Review – 2006». Dollymania.net. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Grammy Hall of Fame Inductees». Grammy.org. Arkivert frå originalen 26. juni 2015. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Blue Ridge Music Hall of Fame 2008 Inductees». Blue Ridge Music Hall of Fame. Wilkes Heritage Museum/Blue Ridge Music Hall of Fame. Henta April 8, 2016.
- ↑ «GMA Hall of Fame – Dolly Parton». gmahalloffame.org. Arkivert frå originalen February 26, 2018. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Music City Walk of Fame». visitmusiccity.com. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Country Gospel Music Hall of Fame Inductees». Country Gospel Music Association. Arkivert frå originalen December 26, 2016. Henta April 8, 2016.
- ↑ «Grammy Hall of Fame Inductees». Grammy.org. Arkivert frå originalen 26. juni 2015. Henta April 8, 2016.
- ↑ «National Hall of Fame for Mountain Artisans». dollyparton.com. April 5, 2014. Henta April 8, 2016.
- ↑ «The Happiness Hall of Fame». happinesshalloffame.com. Henta May 23, 2016.
- ↑ «Life Lessons from Dolly Parton on Beauty, Marriage and Happiness». O, The Oprah Magazine. Henta May 23, 2016.
- ↑ «Grammy Hall of Fame Inductees». Grammy.org. October 18, 2010. Henta March 30, 2021.
- ↑ Freeman, Jon (2. februar 2022). «Why Dolly Parton Damn Sure Belongs in the Rock & Roll Hall of Fame, Y'all». Rolling Stone. Henta 3. februar 2022.
- ↑ Colarossi, Natalie (14. mars 2022). «Why Dolly Parton rejected Rock and Roll Hall of Fame nomination». Newsweek (på engelsk). Henta 14. mars 2022.
- ↑ 30,0 30,1 «'Dreams do still come true' in a new novel by Dolly Parton and James Patterson». NPR.org (på engelsk). Henta 29 April 2022.
- ↑ Arnold, Chuck (4. mai 2022). «Rock & Roll Hall of Fame inducts Dolly Parton against her wishes». New York Post. Henta 4. mai 2022.
- ↑ «Dolly Parton leaves prints at Star Walk». The San Bernardino County Sun (San Bernardino, California). February 17, 1988. s. A2. Arkivert frå originalen January 22, 2019. Henta January 21, 2019 – via Newspapers.com.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1946
- USA-amerikanske countrysongarar
- USA-amerikanske gitaristar
- USA-amerikanske popsongarar
- USA-amerikanske låtskrivarar
- USA-amerikanske filmskodespelarar
- USA-amerikanske gatemusikantar
- USA-amerikanske miljøvernarar
- USA-amerikanske saksprosaforfattarar
- USA-amerikanske filantropar
- Country Music Hall of Fame
- Countrymusikarar frå Tennessee
- Grammy-vinnarar
- Grammy Lifetime Achievement Award
- Grand Ole Opry-medlemmar
- Æresprisen til Kennedy Center
- Folk frå Sevierville i Tennessee